Safranbolu er ein by og eit distrikt i provinsen Karabük i Svartehavsregionen i Tyrkia. Han ligg kring 200 km nord for Ankara og kring 100 km sør for kysten av Svartehavet, og 9 km nord for byen Karabük. Tidlegare tyrkiske namn på byen er Zalifre og Taraklıborlu og på gresk Saframpolis, Σαφραμπολις. Han var ein del av provinsen Kastamonu fram til 1923 og provinsen Zonguldak mellom 1923 og 1995. Byen har kring 35 000 innbyggjarar (2009).[1]

Safranbolu
by
Ei gate i ein historisk skomakarmarknad i Safranbolu
Land  Tyrkia
Region Svartehavsregionen
Provins Karabük
Høgd 485 moh.
Koordinatar 41°15′N 32°41′E
Areal 1 000 km²
Folketal 35 850  (2009)[1]
Folketettleik 36 / km²
Borgarmeister Necdet Aksoy
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Verdsarvstad
Namn City of Safranbolu
År 1994 (#18)
Nummer 614
Region Europa og Nord-Amerika
Kriterium ii, iv, v
Postnummer 78xxx
Retningsnummer 370
Bilnummer 78
Kart
Safranbolu
41°14′58″ N 32°40′60″ E
Wikimedia Commons: Safranbolu
Nettstad: www.safranbolu.bel.tr

Gamlebyen har mange bevarte gamle bygg, med 1008 registrerte historiske objekt. Safranbolu vart lagt til verdsarvlista til UNESCO i 1994.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Turkish Statistical Institute. «Census 2000, Key statistics for urban areas of Turkey» (på tyrkisk). Arkivert frå originalen (XLS) 27. september 2007. Henta 22. november 2008. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Safranbolu
  Reiseguide for Safranbolu frå Wikivoyage