Saginaw er ei elv på 22,4 miles (36,0 km[1] i den amerikanske delstaten Michigan. Ho byrjar ved samløpet til Tittabawassee og Shiawassee sørvest for byen Saginaw. Ho renn nord inn i Saginaw-bukta av Huronsjøen og så gjennom byane Saginaw og Bay City, som begge utvikla seg rundt elva på 1800-talet. Nedslagsfeltet til Saginaw er 8 595 kvadratmile (22 260 km2).[2] Ved munningen strøymer det gjennomsnittleg 4,827 kubikkfot per sekund (0,1367 m3/s) vatn.[3]

Saginawelva
elv
Land  USA
Kart
Saginawelva
43°38′49″N 83°51′02″W / 43.647°N 83.8505°W / 43.647; -83.8505
Wikimedia Commons: Saginaw River

Elva er ei viktig transportåre for midtre Michigan, og er ei av dei få innlandselvane i Michigan som kan nyttast av fartøy.

Historie

endre
 
«Wellington R. Burt» i 1887.

Saginaw-elva blei brukt til fiske og som transportveg med kano av innfødde folkeslag før den europeiske koloniseringa. Frå 1700-talet møtte pelshandlarar og fangstfolk kvarande ved ein post ved munningen av elva, eller reiste opp elva og bielvane hennar for å handla med ojibwe-stammene i regionen med europeisk- og amerikansk-produserte varer.

Etterkvart som det utvikla seg byar langs elva, blei det lettare å reiser lenger inn i landet. Det blei også starta sagverk og seinare fabrikkar. Det fyrste fyret ved elvastod ferdig i 1841, og det blei bygd eit par fyr i 1876 som blei elektrifiserte i 1915. Saginaw River Rear Range Light blei oppført på National Register of Historic Places i 1984.

 
Transport på Saginawelva.

På slutten av 1800-talet frakta dampskip som «Wellington R. Burt» passasjerar mellom dei store byane Saginaw og Bay City, og til andre hamner langs dei store sjøane. Saginaw-elva har halde fram med å vera ein viktig transportveg der ein frakter varer inn og ut av regionen. Ifølge Saginaw Future blei det frakta 4,6 millionar tonn på elva kvart år.[4]

Det blei også utvikla annan industri, med store verksemder grunnlagt av både General Motors og Dow Chemical Company på stader langs elva frå byrjinga av 1900-talet. Dette skapte mange industrielle arbeidsplassar i området, men mange av desse er gått tapt etter at selskapa har gått gjennom omstrukturering. Nye industriar i regionen har vore avansert produksjon som Nexteer, medisinsk teknologi, profesjonelle tenester, fornybar energi og jordbruksindustri.[4]

Rekreasjon

endre
 
Saginawelva under Bay City Fireworks Festival.

Gjennom fleire tiår har ein tatt tilbake Saginaw-elva til rekreasjonsbruk, og byane har prøvd å utvikla nye band mellom elva og innbyggjarane. Ein tre mile lang RiverWalk som er tilpassa gåing og sykling blei bygd langs elva i sentrum av Saginaw og Bay City. Saginaw Bay Yacht Club, som blei grunnlagd etablert i 1894, ligg nær munningen av Saginaw-elva og held regelmessige kappseglingar og tilhøyrande arrangement. Elva er òg populær for motorbåtar.

Sportfiskarar er aktive her, og mange tek tel i den årlege isfiskefestivalen Shiver on the River. Kvar vinter blir det fiska store fiskar gjennom hol i elveisen. Tidleg om våren er ein annan fiskesesong.

Hundrevis av tilskodarar kjem til elvebreiddene for å ta del i festivalar som River Roar speedboat races,[5] Tall Ship Celebrations[6] og to av dei største fyrverkeritilstellingane i Midtvesten.[7] I 2012 blei det største fyrverkeriet i Michigan nokon sinne vist over Saginawelva i Bay City, med 50.000 mortarar, og varte 50 minuttar. Det markerte femtiårsdagen til Bay City Fireworks Festival.[8]

Reinseprosjekt

endre

Regionen rundt Saginaw-elva og Saginaw Bay omfattar det største samanhengande ferskvass- og kystområdet av våtmark i Amerika.[9] På grunn av industrialisering og folkevekst sidan 1800-talet har Saginaw-elva og nedslagsfeltet hennar blitt ureina med ulike typar avløp som er sloppe ut i elva og bielvane hennar. Siden 1970-talet er det vedteke føderale og statlege for å regulera avløp og skipa førebyggingsprogram. Historisk har Dow Chemical Company, med eit anlegg i Midland; General Motors, og byane Bay City og Saginaw bidrege til å sleppa ut dioksin i Saginaw-elva.[10]

23. januar 2010 blei Environmental Protection Agency i USA og Dow Chemical einige om ein administrativ avtale om mellombelse kontrolltiltak, betaling for ein del føderalt arbeid og reinsking av jordsmonn i områda kring Saginawelva, Tittabawassee og Saginaw Bay.[11]

Kjelder

endre
  1. U.S. Geological Survey.
  2. Saginaw River Arkivert 2011-05-14 ved Wayback Machine. Great Lakes Commission
  3. «Saginaw River Watershed Report | Office of Water | US EPA» (på engelsk). Arkivert frå originalen 3. april 2021. Henta 3. april 2021. 
  4. 4,0 4,1 "Saginaw County Industry Concentrations", Saginaw Future (Saginaw County economic development), accessed 11 October 2014
  5. «River Roar - Everything About Sports And Events». Henta May 20, 2020. 
  6. Howell, Brandon (July 18, 2010). «Teeming crowds mark Tall Ship Celebration Saturday in Bay City». The Bay City Times. Henta 3 July 2012. 
  7. «SagAreaFireworks home». Henta May 20, 2020. 
  8. Gibbons, Lauren (26. juni 2012). «2012 Bay City Fireworks Festival schedule promises largest display in state for 50th anniversary». The Bay City Times. Henta 3. juli 2012. 
  9. «Saginaw Bay WIN». Henta May 20, 2020. 
  10. «EGLE - Tittabawassee River - Saginaw River - Saginaw Bay Cleanup». Henta 20. mai 2020. 
  11. Dow Chemical Co, Administrative Settlement Agreement and Order on Consent for Removal Action, Cleanup for Dow Chemical, EPA Region 5, accessed 11 October 2014

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Saginawelva