St Davids Head

(Omdirigert frå Saint David's Head)

St Davids Head (walisisk Penmaen Dewi) er eit nes i Pembrokeshire Coast nasjonalpark sørvest i Wales.

St Davids Head
Coetan Arthur gravkammer ved St Davids Head

I nordvest ligg byen St Davids. St Davids Head markerer den sørlege grensa til den store Cardigan Bay. I sør ligg Whitesands Bay, Ramsey Sound og St Brides Bay. Neset og området bakom tilhøyrer National Trust. Den vulkanske bergarten her er sagt å vere den eldste i landet med ein alder på seks millionar år.

Det er fleire gamle monument på neset, mellom anna eit klippefort frå jernalderen, ein førhistorisk busetnad, ein førhistorisk forsvarsmur, fleire spor frå steinalderen og gravkammeret til Carreg Coetan Arthur .[1][2]

Ein kan kome til neset til fots langs kyststien. Neset har eit rikt plante- og dyreliv. Rundt neset finst gråsel og niser. Mykje sjøfugl og vandrefalk er òg å sjå.[3]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 51°54′10″N 5°18′45″W