Saint Tudwal's Islands

Saint Tudwal's Islands (walisisk Ynysoedd Tudwal) er ei lita øygruppe sør for AbersochLlŷnhalvøya i Wales, ved vestenden av Tremadog Bay.

Vestøya i Saint Tudwal's Islands
Austøya på Saint Tudwal's Island, med vestøya i bakgrunnen.

Det er to hovudøyar i gruppa, Vestøya eller Saint Tudwal's Island West og Austøya eller Saint Tudwal's Island East, i tillegg til klippa Carreg y Trai.

Øyane er kjende for selkolonien som held til her. Den vestlege øya har eit fyr, medan ein på den austlege øya finn restane av eit nonnekloster.

Fyret er eit lite, no ubemanna, fyr som markerer nordenden til Cardigan Bay. Steintårnet er 10,7 meter høgt og vart bygt i 1877. Fyrvaktarbustaden er i dag privateigd og vert nytta som feriebustad.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Saint Tudwal's Islands