Sakførar Ole Bergesen

norsk politikar

Ole Bergesen (22. august 19169. januar 1965) var ein norsk jurist og politikar frå Stavanger som representerte partiet HøgreStortinget i tida 1954-65.

Sakførar Ole Bergesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. august 1916
Stavanger
Død

9. januar 1965 (48 år)

Yrke politikar, jurist
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Far Ole Bergesen

Bergesen var son til ein skipsreiar. Etter eksamen artium i 1937 studerte han jus i Oslo og vart cand.jur. i 1941. Dei neste åra var han dommarfullmektig, til han i 1945 vart leiar for Landssvikavdelinga i Follo. Frå 1946 dreiv han sakførarforretning i heimbyen til han døydde i 1965. Jamsides var han åra 1946-54 lærar i sjørett ved Stavanger sjømannsskule. Dessutan var han styreformann 1946-53 i Rogaland Teater A/S 1946-1953 og 1952-65 for Trio fabrikker.

Ved stortingsvalet 1953 vart Bergesen vald inn på Stortinget frå Rogaland, og vart sidan attvald to gongar. På Tinget var han nestformann 1954-61 i Protokollkomiteen og 1961-62-sesjonen medlem i Justiskomiteen. Frå oktober 1962 var han tilbake i Protokollkomiteen, fyrst som nestformann til 26. april 1963 og deretter vanleg medlem til han døydde i den siste sesjonen av hans tredje valperiode. Peter T. Molaug rykte då inn på fast stortingsplass.

Kjelder endre