Sakmara
Sakmara (russisk Сакмара; basjkirsk Һаҡмар, Haqmar) er ei elv i Basjkortostan og Orenburg oblast i Russland og ei av sideelvane til Uralelva.
Sakmara | |||
elv | |||
Sakmara nær Saraktasj
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 30 200 km² | ||
Lengd | 760 km | ||
Middelvassføring | 144 m³/s | ||
Kjelde | Abzelilovskij rajon i Basjkortostan | ||
Munning | Uralelva | ||
Sakmara 53°17′58″N 58°07′35″E / 53.299444444444°N 58.126388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Sakmara River |
Elva er 760 km lang og har eit nedslagsfelt på 30 200 km².
Elva har kjelda si lengst sør i Uralfjella i Basjkortosan, sørvest for Magnitogorsk. Ho renn først sørover og vender vestover ved byen Kuvandyk, parallelt til Uralelva. Ved byen Orenburg munnar Sakmara ut i Ural. Andre stader langs elva er Tsjorny Otrog, Sakmara, Nikoskij og Tatarisk Karagala.
Somme stader vert elva opp mot 80 meter brei og har eit djup opp til fem meter.
Av sideelvar til Sakmara finn ein Krepostnoj Zilair, Zilir, Bolsjoj Ik, Katrala og Jelsjanka.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Сакмара» frå Wikipedia på russisk, den 19. oktober 2008.