Salah (arabisk صلاة, Koran-arabisk صلوة, persisk نماز namāz) betyr 'å be' eller 'å signa', og er vanlegvis brukt om dei fem faste daglege tidebønene i islam. Salah er ein av dei fem søylene innan sunni-islam, og ein av dei ti greinene i sjia-islam. Det er derfor obligatorisk for kvar muslim. Å gjennomføra salat er nest etter sjahadah (truvedkjenninga) den viktigaste religiøse skikken i islam.

Kjelder endre