Sjahádah
- For den indiske byen, sjå Shahada i Nandurbar.
Sjahádah er namnet på den muslimske truvedkjenninga og blir rekna som éi av dei fem søylene i religionen islam:
لا إله إلا الله ومحمد رسول الله
Lā ’ilāha ’illā llāha wa Muḥammadun rasūlu llāhi.
“Ikkje finst nokon annan gud enn Alláh, og Muḥammad er Bodberaren åt Alláh.”
I islam skil ein mellom anbiyyā (fl.) og rusul:
- Ein nabi (pl. anbiyyā) er ein generell profet. Menneske som blir rekna mellom dei største nabiane i islam inkluderer Ibrahim (Abraham), Musa (Moses), Isa ibn Maryam (Jesus) og Nuh (Noah).
- Ein rasul (pl. rusul el. mursalín) er høgare grad av profet, eller ‘Alláh sin Bodberar’. Den største rasulen i islam, og dermed den største av dei fem største nabiane i islam, er Muhammed.
Historie
endreEi av dei tidlegaste omsetjingane av shahádahen til eit anna språk er ei gresk omsetjing frå styrestida åt al-Walid I (86–96 AH, 705–715 evt.): Ouk estin theos ei mē ho theos monos, Maamet apostolos theou.[1] (Ordrett: 'Det finst ingen gud utanom den eine Gud, Muḥammad er Guds bodberar.')
Bruk
endreTruvedkjenninga i arabisk kalligrafi blir mykje brukt som dekorasjon i muslimsk kultur. Ho finst mellom anna på det saudiarabiske flagget og på fleire det afghanske flagget og riksvåpenet.
Konvertering
endreNår ein ikkje-muslim seier sjahádahen med ærleg intensjon føre to muslimske vitne, blir dette rekna som ei offentleg og gyldig erklæring av konvertering til islam.
Sjå òg
endre- Allahu akbar
- Sjemá Jisraél — den jødiske truvedkjenninga.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- «Shahadah, Confession of a Muslim» Arkivert 2005-04-21 ved Wayback Machine. frå Islamic Society of Greater Kansas City)
- «How to become a Muslim» Arkivert 2005-12-26 ved Wayback Machine. frå islamworld.net