Selina Barsosio, kjend som Sally Barsosio, (fødd 21. mars 1978) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå Keiyo som i 1997 vart verdsmeister på 10 000 meter, fire år etter ho tok bronsen på same distansen. Ho er den yngste personen som har vunne ein medalje i eit friidretts-VM.

Sally Barsosio
Statsborgarskap Kenya
Fødd 21. mars 1978 (46 år)
Keiyo District
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Barsosio var einast 15 år og 5 månader gammal då ho vann bronsemedaljen på 10 000 m under verdsmeisterskapen i friidrett i Stuttgart i 1993, der ho etter målgang fyrst vart diskvalifisert for å ha hindra andre løparar, særleg Elana Meyer som fall ut av løpet. Tida 31.15,3 vart ståande som Barsosios beste på 10 000 meter.

Barsosio hamna lengre nede på resultatlista i dei største meisterskapane dei neste åra. I 1997 tok ho derimot gullmedaljen på 10 000 meter så VM fann stad i Aten, ho vart dermed den fyrste kenyanske kvinna som vann ein global meistertittel i løp på seniornivå. Eit par veker etter VM-sigeren sette Barsosio personbeste på 5 000 meter med tid 14.46,7 i eit stemne i Brussel.

Sidan deltok Barsosio både i 2000 og 2004 i milløpet under sommarleikane, utan å utmerke seg.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre