Opna hovudmenyen

Salvesen Mountains eller Salvesen Range er ei fjellkjede på sørtuppen av Sør-Georgia, med ei høgd opp mot 2330 moh. Fjella vart skapt for 127 millionar år sidan og består hovudsakleg av granitt. Granitt frå krittida skyt fram ved sida av basaltisk lava og doleritt-gangar frå juratida. Begge er svarte slik at dei skapar ein sterk fargekontrast. Både granitt og basalt vart danna av stigande magma danna langs midthavsryggen i Atlanterhavet. Hovudfjellkjeda på Sør-Georgia vart kryssa av Ernest Shackleton i 1916, og er mindtre ulendte og bratte enn Salvesen Mountains sidan dei er danna av folda sandstein.

Salvesen Range
fjellkjede
Land Flag of South Georgia and the South Sandwich Islands.svg Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Stad Sør-Georgia
 - høgd 2 330 moh.
 - koordinatar 54°40′S 036°07′W
Administrert under Antarktistraktaten
Location map South Georgia.png
Locator Red.svg

Fjellkjeda vart kartlagd av South Georgia Survey, 1951-52, og kalla opp etter sir Harold Salvesen, direktør i Messrs. Chr. Salvesen and Co. i Leith, som gav mykje støtte til South Georgia Survey, 1951-52 og 1953-54.

Av fjell i fjellkjeda finn ein mellom anna Mount Carse og Mount Paterson.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Salvesen Range» (innhald frå Geographic Names Information System).