Sami Hyypiä

finsk fotballspelar

Sami Tuomas Hyypiä (fødd 7. oktober 1973) er ein finsk tidlegare fotballspelar frå Porvoo, som i tida 1992-2010 deltok i 105 landskampar for Finland og skåra fem mål. Han er særleg kjend for sine ti sesongar, 1999-2009, i Liverpool FC. Med den engelske toppklubben vann han Meisterligaen 2005, UEFA-cupen 2001, FA-cupen 2001 og 2006, samt ligacupen 2001 og 2003. Elles spelte han på finske MyPa 1992-95, nederlandske Willem II Tiburg 1995-99 og tyske Bayer Leverkusen 2009-11.

Sami Hyypiä


Statsborgarskap Finland
Fødd 7. oktober 1973 (51 år)
Borgå
Idrett fotball
Utmerkingar Hall of Fame of Finnish football, ridder av Finlands løves orden
Sami Hyypiä i Liverpool-drakt

Høgvaksne Hyypiä spelte i alle år på midtstopparplass.

Merittar

endre
  • Vinnar av Meisterligaen: 2005 med Liverpool FC
  • Vinnar av UEFA-cupen: 2001 med Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 2001 og 2006 med Liverpool FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 2001, 2003 med Liverpool FC
  • Finsk cupmeister: 1992 og 1995 med MyPa 47
  • Finalist i Meisterligaen: 2007 med Liverpool FC
  • Finalist i den engelske ligacupen: 2005 med Liverpool FC

Kjelder

endre