Borgå
Borgå (finsk Porvoo) er ein by og kommune i landskapet Nyland sør i Finland. Borgå har 47 404 innbyggjarar og eit areal på 663 km². Borgå grensar til kommunane Sibbo, Borgnäs, Askola, Mörskom og Lovisa.
Borgå | |||
by | |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Del av | Nyland, Borgå økonomiske region | ||
Areal | 654,56 km² | ||
Folketal | 51 464 (29. februar 2024)[1] | ||
Borgå 60°23′35″N 25°39′50″E / 60.393055555556°N 25.663888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Porvoo |
Byen ligg i den austlegaste finlandssvensken regionen, og var tidlegare einspråkleg svensk. No har likevel byen finsktalande fleirtal (ca. 64 %).
Borgå er den nest eldste byen i Finland og vart grunnlagt av den svenske kongen Magnus Eriksson i 1346. Byen er bispesete for alle svenskspråklege kyrkjelydar i Finland.
Etter at Finland vart russisk storfyrstedømme i 1809 vart Borgå lantdag halde i byen. Her vart religionen i landet stadfesta. Likeeins vart Finlands rett til å halde på svensk lov slått fast.
Finlands nasjonalskald Johan Ludvig Runeberg levde i Borgå i 40 års tid frå 1837 fram til han døydde i 1877.
Ting å sjå i Borgå er mellom anna [domkyrkja og dei gamle trehusa som ligg rundt. Gamlebyen i Borgå utgjer saman med Borgå ådal eit av dei 27 offisielle nasjonallandskapa i Finland.
Galleri
endre-
Borgå rådhus
-
Runeberg sin heim i Borgå
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Finland's preliminary population figure was 5,608,218 at the end of February 2024».
- Denne artikkelen bygger på «Borgå» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2016.