Sami Khedira
Sami Khedira )fødd 4. april 1987 i Stuttgart i Baden-Württemberg) er ein tysk fotballspelar som har spela for Real Madrid i spansk Primera Division, og det tyske landslaget. Han har tunisisk far og tysk mor. Han var med på å verta seriemeister i Tyskland med Stuttgart i 2007 og i Spania med Real Madrid i 2012. Han vann den europeiske Meisterligaen med Real Madrid i 2014.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | سامي خضيرة | ||
Fødd | 4. april 1987 (37 år) | ||
Fødestad | Stuttgart | ||
Høgd | 189 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Real Madrid | ||
Nummer | 6 | ||
Ungdomsklubbar | |||
-1995 1995-2004 |
Oeffingen Stuttgart | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004-10 2010- |
Stuttgart Real Madrid |
98 (14) 91 (6) | |
Landslag | |||
2007-09 2009- |
Tyskland U21 Tyskland |
15 (5) 46 (4) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014 |
Khedira debuterte for det tyske A-landslaget 5. september 2009 i ein privatlandskamp mot Sør-Afrika. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han fekk ei viktig rolle sentralt på midtbanen, i og med at Michael Ballack måtte stå over turneringa med ein skade. Han spelte i alle Tyskland sine sju kampar, og skåra eitt mål, i bronsefinalen mot Uruguay.