Sámi Girječálliid Searvi
(Omdirigert frå Samisk forfatterforening)
Sámi Girječálliid Searvi er ei samisk forfattarforeining som blei stifta i 1979. Ho er ei fagforeining for skjønnlitterære forfattarar som skriv på samisk og dekkjer heile det samiske området, med medlemmer i Norge, Sverige, Finland og Russland. Administrasjonen ligg i Karasjok.
Sámi Girječálliid Searvi er underlagd paraplyorganisasjonen for samiske kunstnarar, Samisk Kunstnerråd (Sámi Dáiddárráđđi). Kirsti Paltto var den første leiaren av foreininga.
Frå byrjinga kunne både samiskspråklege forfattarar og samar som skreiv på eit av majoritetsspråka i landa sine vera medlemmer. I 2019 blei dette endra til at berre dei som skreiv på eit samisk språk kunne vera medlemmer.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ – Å trekke rasistkortet kveler en fruktbar språkdiskusjon - Sámi Girječálliid Searvi svarer på kritikken i språkdebatten. Artikkel i Altaposten 4. juli 2019
- Denne artikkelen bygger på «Sámi Girječálliid Searvi» frå Wikipedia på bokmål, den 5. november 2019.