Samiske språksenter
Samiske språksenter er ei gruppe av institusjonar som har som mål å gje vaksne høve til å lære seg samisk. Det finst samiske språksenter i dei fleste kommunane i det samiske forvaltningsområdet og også ein del språksenter utanfor dette området.
Dei to første samiske språksentera vart etablerte i 1994, i dei to kommunane i det som då var det samiske forvaltningsområdet der samisk sto svakast, nemleg Porsanger og Kåfjord.
Sjå òg
endre- Samisk språk- og kultursenter i Porsanger
- Gáivuona sámi giellaguovddáš eller Samisk språksenter i Kåfjord
Litteratur
endre- Antonsen, Lene 2015: Språksentrenes voksenopplæring. Samiske tall forteller .
- Antonsen, Lene og Siri Broch Johansen 2013: Kåfjord samiske språksenter – erfaringer og minner. Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji.