Samsari er ein fjelltopp i Abul-Samsari-kjeda sør i Georgia. Han har ei høgd på 3285 moh. Samsari er danna av ei vulkankjegle som inneheld ein kaldera med ein diameter på 3 km. Ein kant omkransar denne i ein halvsirkel. Bakken i kalderaen er dekt av steinar og breavsettingar i tillegg til små vatn og vulkanske kartsformasjonar.

Samsari
სამსარი
fjell
Mount Samsari (view from Kochio).jpg
Land Flag of Georgia.svg Georgia
Region Samtskhe-Javakheti
Høgd 3 285 moh.

Samsari
41°32′8″ N 43°40′15″ E
Wikimedia Commons: Mount Samsari

Fjellet blei danna under kvartærtida og inneheld bergarartane andesitt, dacitt og rhyolitt. Fjellsidene er for det meste utan vegetasjon.

KjelderEndra

  • Georgian State (Soviet) Encyclopedia. 1985. Bok 9. s. 33.
  • The Structural Position and Conditions of Formation of the Samsari Caldera Volcano (Javakheti Upland, Georgia), Bezhan Tutberidze, Mariam Akhalkatsishvili, Hamlet Salukvadze.
  • The Samsari Volcanic Center as an Example of Recent Volcanism in the Lesser Caucasus: K–Ar Geochronological and Sr–Nd Isotopic Data DOKLADY EARTH SCIENCES Vol. 393A No. 9 2003

Koordinatar: 41°32′8″N 43°40′15″E