Samuel Johansen Balto (5. mai 18611921) var ein norsk-samisk oppdagar og eventyrar frå Karasjok i Finnmark. Han vart rekruttert av Fridtjof Nansen til ein ekspedisjon til Grønland i 1888, og han tok del i den første dokumenterte kryssinga av Grønland saman med Nansen og fire andre ekspedisjonsmedlemmer. Etter dei gode erfaringane Erland Nordenskiöld skulle ha gjort med samiske skiløparar på ekspedisjonen til Grønland i 1883, ville nansen og ha med samar på sin Grønlandsekspedisjon. Lensmann Nils Øvre i Karasjok var mellommann mellom Nansen og samane. Han skreiv og under kontrakten med Samuel Balto og Ole Ravna på Nansen sin vegne. Løna skulle vere 800 kroner for kvar for seks månadar. Då ekspedisjonen vart forseinka og ikkje kom til vestkysten av Grønland før etter siste skip var gått til Danmark, måtte dei overvintre. Balto fekk eit nært tilhøve til grønlendarane.

Samuel Balto

Fødd5. mai 1861
Karasjok kommune
Død1921
Karasjok kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkeoppdagar

Han var en snaksalig mand.
Derfor var den grønlandske ungdom så glad for ham.

Tradisjonell grønlandsk vise, omsett til dansk
Samuel Balto t.v.

Ekspedisjonen kom til Kristianaia 30. mai 1889. Balto og Ravna kom attende til Karasjok 3. juli. I etterkant av ekspedisjonen var Balto oppfordra av Nansen til å skrive ein rapport om Grønlandsferda. Dette gjorde han på samisk sommaren 1889. I På ski over Grønland brukar Nansen noko av det Balto skreiv. I 1980 vart rapporten til Balto utgitt som bok, med samisk og norsk tekst.

I 1898 emigrerte Balto til USA saman med ei større gruppe samar. Han dreiv mellom anna som reingjetar, postkøyrar og gullgravar. Balto vart buande i Alaska til han døydde.

Sledehunden Balto, som vart vidkjend for transport av medisin mot difteri til den isolerte byen Nome i Alaska i 1925, var oppkalla etter Samuel Balto. I Iditarod og Central Park står ein statue av denne sledehunden.

Kjelder

endre
  • Samuel J, Balto:Med Nansen over Grønlandsisen i 1888 : min reise fra Sameland til Grønland Universitetsforlaget 1980