Difteri er ein alvorleg infeksjon i nase og hals, og ein av fleire sjukdomar vi vaksinerer born mot. Det som er årsak til difteri er ein infeksjon av difteribakterien som dannar eit giftig toksin. Sjukdommen finst i lita grad i Norden.

Difteri vert òg kalla ekte krupp og er utgangspunktet for namnet falsk krupp som skildrar eit mildare 'falskt' sjukdomsbilete valda av andre mikroorganismar enn difteribakterien (vanlegvis luftvegsvirus). Difteri vert òg berre kalla krupp, men i dag vert dette fyrst og fremst nytta om falsk krupp. Eit anna namn på difteri var malign angina eller vondarta trong hals.

Born med difteri

Tilstanden endre

Difteri er ein infeksjon i nase og hals som vert skulda difteribakteriar. Difterisymptoma oppstår som følgje av gifta (difteri-toksinet) frå difteri-bakteriane (Corynebacterium diphteriae). Desse giftstoffa kan gå til åtak på hjarte-, nyre-, og nervevev. Sjukdomen finst i heile Europa og andre verdsdelar som Asia, Afrika og Sør-Amerika. Det finst difor risiko for smitte òg i dag. Det vert vaksinert mot sjukdomen i barnevaksinasjonsprogrammet fordi sjukdomen medfører store plager for den som vert ramma. Hjå småborn er sjukdomen ikkje sjeldan døyeleg.

I Noreg er u-vaksinerte born, og vaksne som gradvis misser immuniteten sin, utsette for å utvikle difteri.

Born vert smitta av dropar og direkte kontakt. Vanlegvis skjer smitten gjennom luftvegane, men det kan òg skje gjennom hud. Under og like etter den andre verdskrigen var det difteri-epidemiar her i landet. Dei fleste borna i Vest-Europa vert vaksinerte. 80% av alle born i verda vert vaksinerte. I Vest-Europa opptrer sjukdomen i dag oftast som sporadiske tilfelle. Det siste utbrotet i Noreg var i Oslo i april 2008 med tre tilfelle. Sjukdomen er enno eit stort problem i utviklingsland.

Difteri som reisesjukdom endre

Det er større fare for å få sjukdomen ved reising, men ved dei fleste typane reiser er det trass alt lite smitterisiko. Difteri som reisesjukdom vert òg kalla difteri ved reising eller reiseassosiert difteri. Det er aktuelt å verne seg mot sjukdomen ved reiser til mange underutvikla land, særleg viss ein skal ha mykje kontakt med folk der, til stader med mykje poliomyelitt, eller leve primitivt utanfor byane. Ein kan verne seg mot sjukdomen med difterivaksine viss ein er uvaksinert. Ein kan òg verne seg ved å oppdatere vaksinen, viss det er meir enn 10 år sidan ein tok den siste i 11-12 år alderen. Ein slik reisevaksine mot difteri er òg aktuelt ved utanlandsreiser til dei fleste andre land. Ved vaksinering før reiser vert den såkalla duovaksinen nytta, som vernar mot stivkrampe og difteri samstundes.

Ein kan få ein peikepinn på om reisevaksinen vert tilrådd i landa ein skal til, på reisevaksinasjonsoversikta som gjeld til ei kvar tid.

Auka difterivaksinering i Noreg endre

Mellom 1990 og 1996 vart meir enn 110.000 tilfelle rapportert i Russland, den tidlegare Sovjetunionen. På grunn av ei viss oppbløming og fare for auke i difteri, særleg i Nord-Noreg, vart det i 1999 tilrådd å gje duovaksinen mot difteri og stivkrampe til personar som oppsøkte helsetenesta med sårskadar, i staden for berre å gje stivkrampevaksine. Dette skulle vere eit ledd i å auke mostandskrafta mot difteri. Stivkrampevaksinen kan gjentakast utan fare for biverknadar ved forureina sårskadar etter 3-5 år, men det er det er viktig å vere klår over at difterivaksinen kan gje biverknadar viss han vert gjenteken for ofte. Det er altså ønskjeleg å sørgje for ein gjennomvaksinert folkesetnad i Noreg; sårskader er difor berre éi hending der ein nyttar sjansen til å revaksinere personar. Dei fleste misser immuniteten etter som åra går.

Historia om difteri endre

Allereie før vår tidsrekning var det kjent at sjukdomen særleg ramma små born. Opp igjennom historia før moderne tid var det utført mange forsøk på ei rekkje ulike behandlingsformer. Populære metodar har vore årelating, å skjere vekk drøvelen, trakeostomi og etterkvart intubasjon.

Fram til slutten på 1800-talet døydde fire av ti pasientar som fekk difteri. Kvelingsdøden ved difteri vert skildra i den religiøse boka til jødane, Talmud, som den vondaste måten å døy på.

I ein del av historia om difteri kan det nemnast at tida etter at Sovjetsamveldet fall, kan illustrere kva som kan skje når vaksinasjonsprogrammet i eit land vert veikare. Frå 1980 gjekk ein over til ein mindre potent vaksine som vart gjeven to i staden for tre gonger i barnevaksinasjonsprogrammet. Dette var fordi heIsemyndigheitene ville spare pengar og trudde det nye opplegget likevel ville gje tilstrekkeleg vern. På same tid vart leveransane av vaksinar ustabile og mangelfulle. Motivasjonen til helsearbeidarane for å oppretthalde ein høg vaksinasjonsdekking, sokk. Dette førte til at det braut ut epidemiar av difteri i det tidlegare Sovjet.

Mellom 1990 og 1996 vart meir enn 110.000 tilfelle rapportert i landet. Av desse døydde 2.900. Ei hyppig ramma gruppe var born mellom 7 og 10 år (15,7 per 100.000), dei fleste av desse hadde vorte vaksinert som småborn. Ein anna gruppe var vaksne over 18 år (7,9 / 100.000). Ei undersøking av eit utval av dei borna som hadde vorte sjuke viste at vaksinen hadde gjeve brukbart vern dei første åra, men at effekten avtok etter 5 til 7 år. Konklusjonen helsemyndigheitene trekte var å gje ein booster-dose ved seksårs-alder. Til samanlikning er det berre meldt spreidde importtilfelle frå Finland og Polen i same perioden, og desse førte ikkje til spreiing i folkesetnaden. Dette skjedde trass i stor migrasjon mellom Finland, Polen og Russland.

I Finland og Polen er vaksinasjonsdekninga over 95% og heile tida vert det brukt difterivaksinar av god kvalitet.

Smitteteikn endre

Inkubasjonstida er kort, 2-5 dagar etter smitte startar sjukdomen med smerter og symptom frå slimhinner i halsen, nasen, svelget og bronkiane. Sjukdomen artar seg som ein akutt infeksjon i dei øvre luftvegane ved å danna ein fastsitjande membran. Dette gjev alvorlege pustevanskar som i verste fall kan føre til døden. Utsletta består av eit svært ubehageleg og hardt belegg (pussproppar og membranar) på mandlane. Dette belegget kan òg gå utover mandlane og ramme store dele av slimhinna i halsen. Eit barn vert tett i halsen, det vert uroleg og hostar med ei hås stemme. Det får kraftig redusert allmenntilstand. Toksinet kan spreiast med blodet og ramme andre delar av kroppen innvendig, t.d. hjartet og nervesystemet. Sjukdomen kan òg ramme huda, særleg ved sår i huda.

Her er ei liste over nokre vanlege symptom ved difteri:

  • Infeksjon i svelget (pharynx):
    • Små flekkar med eksudat i svelget
    • Danning av ei tjukk, grå, kleimen hinne i halsen som forsvinn etter 1 veke
    • Tyrenakkeliknande utsjånad på grunn av forstørra lymfeknutar på halsen og hevingar i blautdelane på halsen
    • Rask puls
  • Infeksjon i strupeområdet (larynx):
    • Snikande byrjing, stemma vert stadig håsare
    • Svak feber
    • Danning av sjenerande hinne, slik som ved infeksjon i svelget (pharynx)
  • Hudinfeksjon
    • Typisk kronisk mild infeksjon
    • Langsam tilheling av sår på beina

Sjukehistoria og teikna er typiske. Men ein endeleg diagnose vert stilt ved å dyrka prøvar (vattpinne) frå halsen. Prøven må vere framme ved laboratoriet same dag.

Tiltak endre

Dei fleste får difterivaksine som effektivt forhindrar sjukdomen (inngjekk i DTP-vaksinen / trippelvaksinen). Det er dei relativt vanlege og alvorlege komplikasjonane som er årsaka til at ein tilrår vaksine. Gravide kan få vaksine viss det er heilt naudsynt.

Etter 10 år kan vernet bli veikare, og då bør vaksne vurdere å oppdatere difterivaksinen.

Sjukdomen skal handsamast på sjukehus. Sjukehuset handsamar med antibiotika, og kunstig framstilte spesifikke immunglobulin, såkalla antitoksin mot difteri.

Ved mistenkte tilfelle skal pasienten innleggjast på sjukehus og isolerast. Det vil bli gjort såkalla miljøundersøkingar av personane i miljøet rundt han som er eller blir mistenkt å vere smitta. Kommunelegen, fastlegen eller helsesyster tek seg av dette.

Tida etterpå endre

Gjennomgått infeksjon gjev ikkje langvarig immunitet mot difteri fordi sjukdomen ikkje inneber nok toksinoverføring til at immunsystemet får danna nok antistoff. Vaksinasjon gjev derimot litt lengre immunitet, men òg han blir svekka over nokre år.

5-10 % av dei som får difteri, døyr av sjukdomen. I land med dårleg hygiene og umoderne handsaming kan opptil 30 % døy av det. Utan vaksine ville skadane i samfunnet vorte store. Den som overlever sjukdomen utan vaksine, kan risikere å bli invalid resten av livet.

Framleis er difteri ein farleg sjukdom. Trass i at difteribakterien er var for antibiotika, er døyelegheita så høg som 10 %. Det finst ei rekkje komplikasjonar til sjukdomen for dei som overlever. Av dei meir alvorlege er affeksjon av hjartet (myocarditt), levra, nyrene og hjernen.

Her er ei liste over komplikasjonar forbunde med difteri:

  • Livstruande tettleik i luftvegane
  • Sekundær mellomøyrebetennelse (otitis media)
  • Sekundær biholebetennelse (sinusitt)
  • Hjarte(muskel)betennelse (myokarditt)
  • Tidleg myokarditt fører som regel til dødeleg utgang
  • Lammingar i ganen, i mellomgolvsmuskelen (diafragma) og i beina
  • Nefritt (ei slags nyrebetennelse)
  • Akutt systemisk forgifting


Kjelde endre