San Marino i Eurovision Song Contest 2013
San Marino deltok i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige med songen «Crisalide (Vola)», framført på italiensk av Valentina Monetta.
Eurovision Song Contest 2013 | ||
---|---|---|
Land | San Marino | |
Nasjonal uttaking | ||
Uttaking | Intern | |
Dato(ar) | 30. januar 2013 | |
Artist(ar) | Valentina Monetta | |
Song | «Crisalide (Vola)» | |
Språk | Italiensk | |
Låtskrivar(ar) | Ralph Siegel | |
Resultat | ||
Semifinalepoeng | 47 | |
Semifinaleplass | 11 | |
Finalepoeng | X | |
Finaleplass | X |
Uttaking
endrePå Facebook skreiv den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest, Lys Assia, at ho ville like å representere eit anna land enn heimlandet Sveits i 2013 av di ho ikkje vann den sveitiske uttakinga. I sosiale medium vart det spekulert i om ho ville representere San Marino av di Ralph Siegel skreiv det sanmarinske bidraget i 2012 og hennar eige bidrag.[1] Assia avsanna at ho ville representere San Marino då nettstaden ESC Nation 4. januar 2013 publiserte ei pressemelding Assia hadde sendt dei.[2][3]
30. januar 2013 annonserte SMRTV at Monetta att vil representere San Marino i Eurovision Song Contest, denne gongen med songen «Crisalide (Vola)». Det var berre songtittelen som vart presentert på pressekonferansen, medan sjølve songen vart presentert seinare.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «San Marino i Eurovision Song Contest 2013» frå Wikipedia på svensk, den 21. desember 2012.
Fotnotar
endre- ↑ «Lys Assia to represent San Marino? Lys answered mysterious today» (på engelsk). EuroVisionary. 20. desember 2012. Henta 21. desember 2012.
- ↑ «at next for Lys Assia?» (på engelsk). ESC Nation. 4. januar 2013. Henta 5. januar 2013.
- ↑ «San Marino: Lys Assia denies participation» (på engelsk). ESCToday. 5. januar 2013. Henta 5. januar 2013.
- ↑ «San Marino sceglie ancora Valentina Monetta con “Crisalide”» (på italiensk). Eurofestival. 30. januar 2013. Henta 30. januar 2013.