Sandø
Sandø[1] eller Sandøya er ei lita øy i Oslofjorden i Færder kommune i Vestfold.
Sandø | |
---|---|
Sandø ytst i Oslofjorden har flotte sandstrender. | |
Geografi | |
Stad | Ytre Oslofjord |
Koordinatar | 59°04′38″N 10°27′57″E / 59.07722°N 10.46583°E
|
Høgaste punkt | 37 moh. |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestfold
|
Sandø ligg heilt søraust i Færder kommune på austsida av sundet Sandøsund. Tvers over sundet ligg staden Krukehavn på Hvasser. I seglskutetida har sjølve sundet mellom øyene Sandø og Hvasser vore staden Sandøsund, og stadnamnet Sandøsund har vorte landfast på Hvasser.
Mot nord ser ein øyane Østre og Vestre Bustein og alle dei andre øyane i skjergarden aust for Tjøme og Nøtterøy. På austsida av Sandø ligg Oslofjorden med utsikt mot øya Store Færder og Tristein.
Sandø har hatt fast busetnad og fleire små gardsbruk. Frå byrjinga av 1900-talet har eigarane av øya vore busett andre stader og busetnaden har vore fritidseigedomar. Busetjingane er avgrensa til vestsida av øya, mot Sandøsund.
I 1950-åra vart Sandø freda med heimel i lov om naturvern. Frå 2006 er den ikkje-busette delen av Sandø innlemma i Ormø-Færder landskapsvernområde og frå 2013 i den nyoppretta Færder nasjonalpark.
Endemorenen Tjøme-Hvaler-trinnet, òg kalla Tjøme-raet, går over Sandø og er opphavet til øya si fine sandjord og attraktive sandstrender. Fleire stader på øya er det strender med flotte, slipte rullesteiner som isbreen har lagt frå seg for om lag 12 000 år sidan.
Sandøbukta er ei god hamn med stor sandstrand innanfor og eit mykje nytta friområde for småbåtflåten.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sandø» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2008.