Opna hovudmenyen
Hvasser
Hvasser kyrkje er ei lita kvitmåla trekyrkje frå 1902.
Hvasser kyrkje er ei lita kvitmåla trekyrkje frå 1902.
Geografi
Norway - Hvasser.png
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°04′25″N 10°26′31″EKoordinatar: 59°04′25″N 10°26′31″E

Areal 3,6 km²

Høgaste punkt Tjønneberget (42 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestfold

Demografi
Folketal 482

Hvasser er ei øy og ein tettstad i kommunen Færder i Vestfold. Øya Hvasser er den nest største øya i kommunen og ligg på vestsida av Oslofjorden, 25 km sør for Tønsberg. Arealet til øya er 3,6 km² og det bur 482 innbyggjarar per 1. januar 2017 i tettstaden.

HistorieEndra

«Hvasser» vert lokalt uttala med tonelag 2 (som t.d. «(å) lande», «bønner»), Oslo- vest-uttale er med tonelag 1 (som t.d. «landet» «bønder») [treng kjelde]. I 1910 var det 118 busetnader og 486 innbyggjarar på Hvasser.

Friluftsliv, sommargjestar, kunst og kulturEndra

Det er fleire badestrender og turområde, mellom anna Lilleskagen nord på øya samt Fynsletta, Jørestrand, Sønstegård og Sydstranda mot sør. Øya er ein populær feriestad om sommaren og har ein mengd private sommarhus og hytter. Det er òg fleire pensjonat og ein leirskole. I Sandøsund er det kystmuseum med mellom anna presentasjon av losverksemnda på staden. I Sandøsund finn ein òg Galleri Gudem som hadde opning i 2001, ein visning-/salsstad av samtidskunst;biletkunst og kunsthandverk.

Øya har fådelt skole og barnehage. Hvasser kyrkje er frå 1902.

NæringslivEndra

I tettstaden Hvasser er det staden Sandøsund eller Krukehavn (som det står på kartet) som er sentrum. Der er det butikkar, restaurant og fiskerimottak. Her ligg òg losstasjonen for Ytre Oslofjord. Det var los Severin Evensen frå Tjøme som hadde det ærefulle oppdrag å lose kong Haakon VII til Oslo då han kom til Noreg i 1905. Skulpturen Brottet av bilethoggaren Ståle Kalvik vart avduka i Sandøsund i 2005 til minne om losskøyta Gaa Paa som forliste utanfor Hvasser i 1913.

Kjente personar frå HvasserEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra