Tjøme-Hvaler-trinnet

Tjøme-Hvaler-trinnet er ei endemorene frå den siste istida. Ho er eldre enn det meir kjende Raet, og blir gjerne datert til om lag 11 200 år før vår tid.

Sandø er endemorena som blir kalla Tjøme-Hvaler-trinnet godt synleg. Her er rullesteinstrender med alle typar stein frå Oslofeltet. Om du ser på biletet i stort format vil du skimte Færder fyr i bakgrunnen.

Tjøme-Hvaler-trinnet er synleg mellom anna i MoutmarkaTjøme, på Hvasser og på Hvaler.

Resten av denne endemorea ligg dels på havbotn i Oslofjorden og vestover utanfor Agderkysten, dels går ho på land i Agder og Rogaland.

Kjelder

endre