Sanday i Indre Hebridane

(Omdirigert frå Sanday i Hebridane)

Sanday (skotsk-gælisk Sandaigh, norrønt Sandey) er ei av Small Isles, i Indre Hebridane i Skottland. Ho er ei tidvassøy som heng fast i naboøya Canna via sandbankar ved lågvatn. I tillegg har ho brusamband til Canna. Canna og Sanday dannar eit enkelt samfunn og vert ofte berre omtalt som Canna.

Sanday
Lokalt namn Sandaigh
Geografi
Sanday i Indre Hebridane is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°03′N 6°29′W / 57.05°N 6.48°W / 57.05; -6.48
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 1,84 km²

Høgaste punkt 59 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland

Demografi
Folketal 6 (2001)
Folketettleik 3,3 /km²
Skulen på Sanday
Foto: Peter Van den Bossche

Sanday hadde ved siste offisielle folketeljing seks innbyggjarar fordelt på tre husstandar[1]. Som lokalsamfunn fungerer Sanday og Canna i alle praktiske omsy som ei eining. Skulen ligg til dømes på Sanday, medan kyrkja som er i jamleg bruk av øybuarane ligg på Canna. Folketalet på dei to øyane har auka sidan 2001.

St. Edwards kapell på Sanday vart bygt i 1889, men har vore avvigsla sidan 1963.[2] Kyrkjebygget er no gjort om til eit studiesenter for gæliske språk. Senteret vart opna 5. juni 2001 av Prinsesse Anne av Storbritannia.[3]

Utsikt frå Compass Hill på Canna mot Sanday. I bakgrunnen til venstre øya Rùm.

Kjelder

endre
  1. «Number of residents and households in all inhabited islands» (PDF) (på engelsk). General Register Office for Scotland. Henta 20. februar 2010. 
  2. www.canna.highland.sch.uk, arkivert frå originalen 16. oktober 2007, henta 20. februar 2010 
  3. www.hebrideantrust.org, arkivert frå originalen 19. september 2008, henta 20. februar 2010