Sanday i Indre Hebridane
Sanday (skotsk-gælisk Sandaigh, norrønt Sandey) er ei av Small Isles, i Indre Hebridane i Skottland. Ho er ei tidvassøy som heng fast i naboøya Canna via sandbankar ved lågvatn. I tillegg har ho brusamband til Canna. Canna og Sanday dannar eit enkelt samfunn og vert ofte berre omtalt som Canna.
Sanday Lokalt namn Sandaigh | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 57°03′N 6°29′W / 57.05°N 6.48°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 1,84 km²
|
Høgaste punkt | 59 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Highland
|
Demografi | |
Folketal | 6 (2001) |
Folketettleik | 3,3 /km² |
Sanday hadde ved siste offisielle folketeljing seks innbyggjarar fordelt på tre husstandar[1]. Som lokalsamfunn fungerer Sanday og Canna i alle praktiske omsy som ei eining. Skulen ligg til dømes på Sanday, medan kyrkja som er i jamleg bruk av øybuarane ligg på Canna. Folketalet på dei to øyane har auka sidan 2001.
St. Edwards kapell på Sanday vart bygt i 1889, men har vore avvigsla sidan 1963.[2] Kyrkjebygget er no gjort om til eit studiesenter for gæliske språk. Senteret vart opna 5. juni 2001 av Prinsesse Anne av Storbritannia.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sanday i Indre Hebridane» frå Wikipedia på bokmål, den 20. februar 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Number of residents and households in all inhabited islands» (PDF) (på engelsk). General Register Office for Scotland. Henta 20. februar 2010.
- ↑ www.canna.highland.sch.uk, arkivert frå originalen 16. oktober 2007, henta 20. februar 2010
- ↑ www.hebrideantrust.org, arkivert frå originalen 19. september 2008, henta 20. februar 2010