Opna hovudmenyen

Thorbjørn Svenssen

norsk fotballspelar

Ole Thorbjørn «Klippen» Svenssen (22. april 19248. januar 2011) var ein norsk fotballspelar frå Sandefjord.

Thorbjørn Svenssen
Thorbjørn Svenssen (1951).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Ole Thorbjørn Svenssen
Kallenamn Klippen
Fødd 22. april 1924
Fødestad Sandar i Noreg
Død 8. januar 2011
Dødsstad Sandefjord
Posisjon Midtstoppar, forsvar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1945-1964 Noreg Sandefjord Fotball
Landslag
2005-2006
2008-
Noreg Noreg 104 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KarriereEndra

Svenssen spelte midtstoppar på banen, og spelte for Sandefjord Fotball heile karrieren sin, frå 1945 - 1964. I 1947 vart han med på det norske herrelandslaget i fotball, og han skulle spela 104 A-landskampar totalt fram til 1962. I 93 av desse var han kaptein på laget. Til dags dato har ingen andre nordmenn spelt fleire kampar for herrelandslaget. Då Svenssen spelte sin landskamp nr. 100 i 1961, var engelske Billy Wright den einaste andre spelaren i verda som hadde oppnådd same prestasjon. Svenssen var æresmedlem i Sandefjord Fotball.

Svenssen døydde i januar 2011 på Nygård sykehjem i Sandefjord.[1]

KjelderEndra

ReferansarEndra