1. divisjon fotball for menn

(Omdirigert frå OBOS-ligaen)

1. divisjon fotball for herrar er den nest øvste divisjonen i ligasystemet for norsk herrefotball. Frå 2005 til 2013 var det offisielle namnet Adeccoligaen grunna sponsinga frå bemanningsselskapet Adecco. I 2015 har divisjonen endra namn til OBOS-ligaen.

1. divisjon fotball for menn
Land  Noreg
Region UEFA
Forbund NFF
Grunnlagt 1963
Tal på klubbar 16
Opprykk til Tippeligaen
Nedrykk til 2. divisjon
Nasjonal cup NM i fotball for menn
Regjerande meister IK Start (2012)

Serien

endre

Det er 16 lag i ligaen. Dei to beste rykkjer automatisk opp i Tippeligaen. Vinnaren får også til odel og eige ein sølvpokal og diplom.

Laga som kjem på 3. til 6. plass skal inn i eit sluttspel. Etter serieslutt spelar laget som kjem på 3. plass kvalifiseringskamp mot laget på 6. plass, medan laget som vert nummer fire spelar kvalifiseringskamp mot laget på femteplass. Vinnaren av desse to kampane spelar så kvalifiseringskamp, før vinnaren av denne kampen spelar kvalifisering heim/borte mot laget som enda tredje sist i tippeligaen. Vinnaren av desse to kampane har plass i Eliteserien den påfølgjande sesongen.

Dei fire laga som ved slutten av sesongen ligg sist på tabellen rykkjer direkte ned til 2. divisjon.

Historie

endre

Fram til 1990 heitte serien 2. divisjon, og han inneheldt to avdelingar fram til 1996.

År Vinnar Andreplass Kvalifisering Toppscorar, klubb, mål Tilskodarsnitt
2012 Start Sarpsborg 08 Sandefjord, Mjøndalen, Bodø/Glimt og Ullensaker/Kisa Martin Wiig, Sarpsborg 08 20
2011 Hønefoss BK Sandnes Ulf NFF fjernet denne foran sesongen Vegard Braaten, Alta 18 1 186
2010 Sogndal Sarpsborg 08 Fredrikstad, Løv-Ham og Ranheim[1] Marius Helle, Bryne 17 1 544
2009 Haugesund Hønefoss Kongsvinger, Sogndal og Sarpsborg 08 Thomas Sørum, Haugesund 24 1 271
2008 Odd Grenland Sandefjord og Start[2] Sogndal Peter Kovacs, Odd Grenland 23 1 984
2007 Molde Hamarkameratene Bodø/Glimt[3] Kenneth KvalheimNotodden 23 1 726
2006 Strømsgodset Aalesund Bryne Mattias Andersson, Strømsgodset 19 1 981
2005 Stabæk Sandefjord Moss Daniel Nannskog, Stabæk 27 1 388
2004 Start Aalesund Kongsvinger Paul Oyuga, Bryne 17 1 696
2003 Hamarkameratene Fredrikstad Sandefjord Markus Ringberg, Fredrikstad 20 1 656
2002 Tromsø Aalesund Sandefjord Morten Gamst Pedersen 1 174
2001 Vålerenga Start Hamarkameratene Bala Garba 1 490
2000 Lyn Strømsgodset Sogndal[4] 775
1999 Haugesund Bryne Start [5] 1 033
1998 Odd Grenland Skeid Kjelsås 741
1997 Vålerenga Moss Eik-Tønsberg 1 169

Kjelder

endre
  1. Fredrikstad rykte opp etter å ha vunne kvalifiseringspel mellom Løv-Ham, Ranheim og Hønefoss (som kom på nest siste plass i tippeligane).
  2. Begge rykte direkte opp i 2008 pga utvidinga av Tippeligaen.
  3. Bodø/Glimt rykte opp etter å ha slått Odd Grenland 4–2 samanlagt.
  4. Sogndal rykte opp på bortemålsregelen etter å ha spelt 3–3 samanlagt mot Vålerenga.
  5. Start rykte opp etter å ha slått Strømsgodset 3–2 samanlagt.