Sandstrandfjorden
Sandstrandfjorden[1] er ein fjord på nordsida av Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden ligg på vestsida av Knivskjellodden og er den nordlegaste fjorden i Noreg om ein ser bort frå Svalbard. Han strekkjer seg 3,5 km sørover til botn av fjorden.
Sandstrandfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Nordkapp | ||
Sandstrandfjorden 71°09′35″N 25°34′14″E / 71.15961306°N 25.57067889°E |
Fjorden har innløp mellom Kjerkeneset i vest og Knivskjellodden i aust. Den inste halvdelen av fjorden er særs grunn, berre om lag 3-7 meter. Lenger ute i fjorden, nær Knivskjellodden, er han derimot nær 45 meter djup.
Det er ingen busetnader ved fjorden.
Kjelder
endre- ↑ «Sandstrandfjorden». Faktaark / Kartverket. Henta 7. april 2018.
71°9′34.607″N 25°34′14.444″E / 71.15961306°N 25.57067889°E