Santa, Bring My Baby Back to Me

Santa, Bring My Baby Back to Me
Song av Elvis Presley
frå albumet Elvis' Christmas Album
Utgjeve 1957
Innspelt 7. september 1957
Sjanger Julemusikk
Lengd 1:53
Selskap RCA Victor
Komponist Aaron Schroeder, Claude Demetrius
Tekstforfattar Aaron Schroeder, Claude Demetrius
Låtskrivar(ar) Aaron Schroeder og Claude Demetrius

«Santa Bring My Baby Back (To Me)» er ein julesong frå 1957 av Elvis Presley. Songen vart gjeven ut på albumet Elvis' Christmas Album i 1957.

Bakgrunn endre

«Santa Bring My Baby Back (To Me)» vart skriven av Aaron Schroeder og Claude Demetrius og har vor ein populær julesong i mange år, trass i at han aldri vart gjeven ut på ingel. Songen vart først gjeven ut på ein EP med «Santa Claus is Back in Town», «Blue Christmas» og «I'll Be Home for Christmas» i 1957. EP-en nådde toppen av EP-lista til Billboard. Songen vart spelt inn 7. september 1957 og vart sungen med The Jordanaires på korvokal.

Songen vart gjeven ut i lag med «Santa Claus Is Back In Town» på singel i Storbritannia, samstundes som albumet kom ut. Singelen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista i november 1957.

Andre versjonar endre

I dokumentarfilmen om Rolling Stones kalla Charlie Is My Darling frå 1965, vart songen sungen av Mick Jagger og Keith Richards i ein hotellobby.

Mae West spelte inn songen i 1967 for julealbumet Wild Christmas.[1] The Reverend Horton Heat spelte inn songen i 2005 for julealbumet We Three Kings. Eleanor Friedberger gav ut ein versjon i 2013 på albumet Holidays Rule.

Songen er òg blitt spelt inn og framført av The Smithereens, The Refreshments, Jeff Healey, 45 R.P.M., Arena Venus, Kim Stockwood, Terry Buchwald, Chris Isaak, Janice Hagan, Rick Saucedo og Tony Witt. Train spelte inn songen i 2015 for albumet Christmas in Tahoe.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Santa, Bring My Baby Back to Me» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2016.
  • Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50's Masters, insert booklet. RCA 66050-2, 1992.
  • Guralnick, Peter. From Nashville to Memphis: The Essential '60s Masters, insert booklet. RCA 66160-2, 1993.
  • Guralnick, Peter (1994). Last Train to Memphis: The Rise of Elvis Presley. Little Brown GBR. ISBN 978-0-316-91020-0.
  • Hopkins, Jerry (1971). Elvis: A Biography. ISBN 978-0-671-20973-5.
  • Wolfe, Charles. Elvis Presley: If Every Day Was Like Christmas, liner notes. BMG Australia Limited, 7863664822, 1994.