Sara Khorami (fødd 1987) er ein norsk skodespelar frå Bærum.[1]

Sara Khorami
Fødd1987 (37 år)
Verka somskodespelar
PrisarGullruten for beste birolle, Amandaprisen for beste kvinnelige birolle, Heddaprisen for beste kvinnelige skuespiller

Karriere endre

Khorami blei utdanna ved Det Norske Teatret sin teaterskule Det Multinorske, ein skule for skodespelarstudentar med familiebakgrunn utanfor Europa.[1] Etter utdanninga blei ho tilsett ved Det Norske Teatret der ho blant anna har hatt roller som Antigone i skodespelet Antigone og som Solveig i Peer Gynt.

Khorami har spelt i flere TV-seriar og filmar. I 2020 vann ho Gullruten i klassa beste birolle for TV-serien Heksejakt.[2] I 2021 spelte ho sentrale roller i filmane Full dekning, regissert av Arild Andresen, og Ingenting å le av, skriven av Odd-Magnus Williamson og regissert av Petter Næss.[3][4] For rolla i Ingenting å le av vann ho Amandaprisen 2022 i klassen beste kvinnelege birolle.[5] Ho spelte ei sentral rolle i NRK-dramaserien Etterglød frå 2023. For rolla blei ho nominert til Seriekritikerprisen 2023 i klassa beste skodespelar.[6]

Familie endre

Journalisten og skodespelaren Aida Khorami er ei yngre syster av Sara Khorami.

Filmografi endre

Filmar endre

TV-seriar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Koronaåret ble Sara Khoramis hittil beste som skuespiller». aftenposten.no. 28. desember 2020. Henta 10. juli 2022. 
  2. «Dette er årets Gullruten-vinnre». dagbladet.no. 18. juni 2020. Henta 10. juli 2022. 
  3. «– Gode medspillere? Jeg er med!». dagsavsien.no. 26. februar 2022. Henta 10. juli 2022. 
  4. «Filmanmeldelse «Ingenting å le av»: Latter forlenger livet?». vg.no. 9. september 2021. Henta 10. juli 2022. 
  5. «Dette er vinnerne av Amandaprisen 2022». nrk.no. 20. august 2022. Henta 21. august 2022. 
  6. «Seriekritikerprisen 2023 til Jakob Oftebro, «Pørni» og «Kids in Crime»». aftenposten.no. 28. september 2023. Henta 29. september 2023. 

Bakgrunnsstoff endre