Sara Marielle Gaup Beaska
Sara Marielle Gaup Beaska (fødd 1983) er ein norsk-samisk musikar, songar og joikar opphavleg frå Kautokeino. Ho er både ein formidlar og ein fornyar av samiske musikktradisjonar. Gaup driv med samisk kunsthandverk og blir sett på som ei viktig røyst for samisk miljø- og rettskamp.[1]
Sara Marielle Gaup Beaska | |||
| |||
Fødd | 1983 (41 år) | ||
---|---|---|---|
Fødenamn | Iŋgor Ántte Ánte Mihkkala Sara | ||
Opphav | Noreg | ||
Verka som | musikar, joiker, duojár | ||
Gift med | Niillas Beaska | ||
Prisar | Årets unge kunstner, Áillohaš musikkpris |
Karriere
endreI 2004 deltok Gaup Beaska i Sámi Grand Prix med joiken «Lena Sunná». Same året lanserte ho bandet Adjágas saman med Láwra Somby. Både Gaup og Somby song og joika i bandet som spelte på scener over heile verda. Dei opptredde blant anna under Vinter-OL 2010 i Vancouver i 2010,[2] varma opp for Madrugada i Oslo Spektrum og vann Sami Awards pris for levande samtidsmusikk i 2012.[3] Bandet blei oppløyst i 2014.[4]
På same tid som Adjágas blei oppløyst, annonserte Gaup Beaska at ho og bassisten og vokalisten Steinar Raknes hadde skipa bandet Arvvas. Arvvas er eit nordsamisk ord som betyr å jobbe frå hjartet, å ha energi, og bandet leverer musikk i skjeringspunktet mellom joik og americana.[5]
I 2017 deltok Gaup Beaska i NRK-serien Muitte mu – Husk meg, der ho var coach for Elisabeth Andreassen som skulle lære seg å joike.[6]
Gaup Beaska hadde ei sentral rolle i den samiske alliansen under protestane i Standing Rock i USA i 2016.[7][8]
Priser og utmerkingar
endreI 2002 blei Gaup Beaska kåra til Årets unge kunstnar for Riddu Riđđu-festivalen i 2002. I 2018 blei ho tildelt musikkprisen Áillohaš under Sámi Grand Prix.[7]
Kjelder
endre- ↑ «SaraMarielle Gaup Beaska, kreative i nord». Henta 12. oktober 2023.
- ↑ «SamiskOL suksess». Henta 12. oktober 2023.
- ↑ «Adjagasvant sapmi awards». Henta 12. oktober 2023.
- ↑ «Oppløseradjagas». Henta 12. oktober 2023.
- ↑ «Arrvas». Henta 12. oktober 2023.
- ↑ «Elisabethog Sara Marielle». Henta 12. oktober 2023.
- ↑ 7,0 7,1 «ForfatterSara Marielle Gaup». Henta 12. oktober 2023.
- ↑ «Standingrock kvinnene takker samene for all hjelp». Henta 12. oktober 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Sara Marielle Gaup Beaska» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2024.