Sara Simeoni (fødd 19. april 1953) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar som tevla internasjonalt i høgdehopp. Ho vart europameister i øvinga i 1978 og olympisk meister i 1980. Simeoni gjorde sitt livs beste høgdehopp då ho vann EM-gullet på 2,01 meter.

Sara Simeoni


Sara Simeoni i 1973

Statsborgarskap Italia
Fødd 19. april 1953 (71 år)
Rivoli Veronese
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 1984 – Høydehopp kvinner, athletics at the 1980 Summer Olympics – women's high jump, athletics at the 1976 Summer Olympics – women's high jump, athletics at the 1972 Summer Olympics – women's high jump, 1978 European Athletics Championships – women's high jump, 1974 European Athletics Championships – women's high jump, 1982 European Athletics Championships – women's high jump, Junior-EM i friidrett 1970, 1971 European Athletics Championships – women's high jump, Friidrett under Middelhavslekene 1971
Utmerkingar Grand Officer of the Order of Merit of the Italian Republic, Gullkraven for sportslig fortjenste, Q124956422, Q124956424

Aktiv

endre

Simeoni fekk sitt gjennombrot då ho tok bronsemedaljen i EM 1974 i Roma. Under sommar-OL 1976 i Montreal fekk ho sølvmedaljen, Rosemarie Ackermann frå Aust-Tyskland tok gullet. I 1978-sesongen revansjerte ho seg på de austtyske utøvaren. Fyrst sette ho verdsrekord med 2,01 m i Brescia, og i friidretts-EM 1978 i Praha tok ho gullmedaljen då ho tangerte sin eigen verdsrekord.

Under dei olympiske leikane i Moskva i 1980 vann Simeoni gullmedaljen, der ho var åleine om å svinge seg over 1,97 m. To år seinare fekk ho ein bronsemedalje etter høgde-tevlinga i europameisterskapen i Aten, tyske Ulrike Meyfarth kopierte då Simeoni sin prestasjon frå førre EM ved å vinne EM-tittelen på ny verdsrekord, 2,02 meter.

Simeoni deltok i sitt tredje sommar-OL i Los Angeles i 1984. Her fekk ho sitt andre OL-sølv, atter vart Meyfarth vinnar av gulllmedaljen. I europameisterskapen 1986 lukkast ikkje Simeoni å kvalifisere seg til finalen.

Kjelder

endre