Sarangi
Sarangi (devanagari सारंगी, nastaliq سارنگی) er eit korthalsa strykeinstrument frå Sør-Asia som blir brukt til å spela hindustanimusikk og rajasthansk folkemusikk.[2]
Sarangi | |||
| |||
Strengeinstrument | |||
---|---|---|---|
Klassifisering | bokslutt med hals spelt på med boge | ||
Hornbostel-Sachs klassifisering | (Samansett kordofon med bruk av boge for å laga lyd[1]) | ||
Liknande instrument |
Resonansboksen til ein sarangi er som regel laga av Toona-tre trekt med geiteskinn.[2] Instrumentet som blir brukt i dag har vanlegvis 3 melodistrengar (som oftast tarmstrengar), ein bordun og vanlegvis 36 resonansstrengar av messing, stål eller begge metalla. Folkemusikkinstrumentet har færre resonansstrengar.[2] Dei frisvingande strengane tar opp vibrasjonar frå melodistrengane og svinger med. Melodistrengane ligg i eit ytre lag, medan resonansstrengane er plasserte nærare kroppen og ikkje blir rørt av bogen. Bogen er laga av hestehår.[1]
Sarangispelaren held bogen i høgrehanda og endrar lengda på strengane med den venstre. Ein held instrumentet vertikalt når ein speler på det, og strengane blir gjort kortare ved at ein held fingernagla mot sida av melodistrengen.[1] Ved å bruka same finger og streng til å spela fleire noter, oppnår ein samansmeltinga av noter som er vanleg i indisk musikk.[2]
Ein har tradisjonelt brukt sarangi til å akkompagnera song, dans eller begge.[2] Ram Narayan er ein kjend sarangiutøvar som har popularisert sarangi som eit soloinstrument.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 http://dcollections.oberlin.edu/cdm/singleitem/collection/knight/id/1581/rec/1
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Cochrane, Lalage, «sāraṇgī», The Oxford Companion to Music, Oxford University Press
- Denne artikkelen bygger på «Sarangi» frå Wikipedia på engelsk, og «Sarangi» frå Wikipedia på svensk den 24. april 2016.