Sarinda er eit sørasiatisk strengeinstrument med tre strenger som blir spelt på med boge. Instrumentet blir brukt innan sørasiatisk folkemusikk, ofte til å akkompagnera song, men òg åleine.

Ein mann speler sarinda.

På storleik og form kan instrumentet minna om ein fiolin, men haldeteknikken er noko ulik: Ein sarindaspeler held som regel instrumentet sitt loddrett medan han sit på bakken.

Sarindaen er skore ut av eitt trestykke. Det har to resonanskammer og smalnar på midten. Det øvre kammeret er gjerne dekt av skinn. Toppen av instrumentet er skore ut som ein figur, til dømes ein fugl, ein hest, eller gudeparet Radha-Krishna.

Sjå òg endre

  • Sarangi er ein meir utbreidd versjon av sarindaen.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre