Sari Essayah
finsk politikar
Sari Essayah (fødd 21. februar 1967 i Haukivuori) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar (kappgjengar) og riksdagsrepresentant. Sidan 2009 er ho medlem av Europaparlamentet.
Sari Essayah | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 21. februar 1967 (57 år) Haukivuori |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | VM i friidrett 1993, VM i friidrett 1991, EM i friidrett 1994, Sommeruniversiaden 1991, Sommeruniversiaden 1989, kommandør av Finlands løves orden, ridder av Finlands hvite roses orden, Finlands idrottskulturs förtjänstkors |
Essayah konkurrerte hovudsakleg på 10 km og var best på midten av 1990-talet. Høgdepunkta i karrieren var VM-gullet i 1993 i Stuttgart og EM-gullet i 1994 på heimebane i Helsingfors. Etter OL 1996, der Essayah vart nr. 16, valde ho å leggja opp.
Frå 2003 til 2007 var Essayah representant i Finlands riksdag for Kristdemokraterna i Finland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sari Essayah» frå Wikipedia på bokmål, den 3. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- «Sari Essayah» (på engelsk). Olympedia. Henta 5. mars 2023.