Den finske riksdagen

Den finske riksdagen (finsk eduskunta) er parlamentet i Finland. Riksdagen har eitt kammer, og 200 representantar.

Logen til riksdagen.
Riksdagsbygningen.

HistorieEndra

I 1809 vart Finland teke frå Sverige av Russland. Same året kalla tsar Alexander I av Russland, som no òg var storfyrste av Finland, inn til ein lantdag i Borgå. Lantdagen var ei stenderforsamling, med utgangspunkt i dei svenske vedtektene om Sveriges ståndsriksdag, fordi keisaren hadde lova at gamal svensk rett skulle gjelda i Finland inntil vidare.

Frå og med Lantdagsordninga frå 1906 vart det innført lik og allmenn stemmerett i landet. Finland vart såleis det fyrste landet i Europa med allmenn stemmerett for kvinner. Stenderforsamlinga vart gjort om til ei forsamling med eitt kammer.

Det noverande Riksdagshuset vart teke i bruk i 1931.

Talsmannen for Riksdagen (finsk eduskunnan puhemies), tilsvarande stortingspresident i Noreg, har sidan juni 2019 vore Matti Vanhanen.

MandatfordelingEndra

Mandatfordelinga i den finske Riksdagen etter vala 1966–2011
Parti 1966 1970 1972 1975 1979 1983 1987 1991 1995 1999 2003 2007 2011 2015 2019
Sosialdemokratane (SDP) 55 52 55 54 52 57 56 48 63 51 53 45 42 34 40
Samlingspartiet (Kok.) 26 37 34 35 47 44 53 40 39 46 40 50 44 37 38
Centern i Finland (Kesk.) 49 36 35 39 36 38 40 55 44 48 55 51 35 49 31
Venstreforbundet (VL) 41 36 37 40 35 26 20 19 22 20 19 17 14 12 16
Svenska folkpartiet (SFP) 11 11 9 9 9 10 12 11 11 11 8 9 9 9 9
Finlands landsbygdsparti (FLP) 1 18 18 2 7 17 9 7 1 0 0 0 0 0 0
Kristelegdemokratane (KD) 0 1 4 9 9 3 5 8 7 10 7 7 6 5 5
Det liberale folkepartiet (LFP) 9 8 7 9 4 0 0 1 0 0 0 0 0 0 0
Arbeidar- og småbrukar-forbundet 7 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
Dei Grøne (Vihr.) 0 0 0 0 0 0 4 10 9 11 14 15 10 15 20
Sannfinnane (Perus.) 0 0 0 0 0 0 0 0 0 1 3 5 39 38 39
Ålands-representanten 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 0
Andre 0 0 0 2 0 4 0 0 3 1 0 0 0 0 1
Totalt 200 200 200 200 200 200 200 200 200 200 200 200 200 200 200
Kilde: Statistikcentralen Finland

BakgrunnsstoffEndra