Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?)
Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?) Singel av Elton John frå albumet 21 at 33 | ||
B-side |
«Cartier» | |
---|---|---|
Utgjeve | 5. august 1980 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:44 | |
Selskap | Rocket Records | |
Låtskrivar(ar) | Elton John / Tom Robinson | |
Produsent | Elton John & Clive Franks | |
Elton John-kronologi | ||
«Little Jeannie» (1980) |
Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?) | «Dear God» (1980)
|
«Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?)» er ein song av Elton John med tekst skriven av Tom Robinson, gjeven ut på albumet 21 at 33 i 1980. I Storbritannia vart singelen gjeven ut som «Sartorial Eloquence» og i USA som «Don't Ya Wanna Play This Game No More?». Singelen gjorde det middels og nådde berre 39. plass i USA. Musikalsk er songen eit døme på popballadane som dominerer dei fleste songane på albumet.
Songen vart meir kjend i heimlandet utover i 1980-åra då han vart nytta i BBC si årlege dekning av verdsmeisterskapen i snooker.
Medverkande
endre- Elton John – solo- og korvokal, overdubba piano, akustisk piano
- Reggie McBride – bassgitar
- Steve Lukather – elektrisk gitar
- James Newton Howard — elektronisk klaverspelar
- Victor Feldman – tamburin
- Alvin Taylor – trommer
- Venette Gloud – korvokal
- Carmen Twillie – korvokal
- Stephanie Spruill – korvokal
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2011.