Satakunta (eldre svensk Satakunda) er eit av 19 landskap i Finland. Landskapet ligg mot vest i det sørlege Finland. Administrasjonssetet i landskapet er Björneborg. Satakunta grensar til landskapa Österbotten, Södra Österbotten, Birkaland, Egentliga Tavastland og Egentliga Finland.

Satakunta (Landskapet Satakunta/Satakunnan maakunta)
region
Symbol
Land Flag of Finland.svg Finland
By Björneborg
Areal 8 413 km²
Folketal 227 386 (2009)

Satakunta
61°19′0″ N 22°0′0″ E
Satakunta.sijainti.suomi.2010.svg
Wikimedia Commons: Satakunta

Kommunar og regionarEndra

Satakunta består av 18 kommunar, av dei er sju bykommunar. I dei siste åra vart følgjande kommunesamanslåingar gjennomført. Den[1. januar 2009 vart Kiukainen slått saman med Eura, Lappi vart slått saman med Raumo og Vampula vart slått saman med Huittinen. 1. januar 2010 vart Norrmark slått saman med Björneborg.

Kommunane i Satakunta utgjer tre økonomiske regionar. Oversynet nedanfor viser korleis kommunane fordeler seg på dei tre økonomiske regionane. Byane er oppført med feit skrift.

Raumo økonomiske regionEndra

Björneborgs økonomiske regionEndra

Norra SatakuntaEndra

 

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra