Saturn IB var ein amerikansk bererakett som vart nytta i Apollo-programmet. Den var ein oppgradert utgåve av Saturn I-raketten med eit kraftigare trinn to: S-IVB.
I motsetning til Saturn I, hadde Saturn IB nok kraft til å sende ein Apollo kommando-/servicemodul og månelandar i bane rundt jorda. Dette gjorde raketten verdifull i testinga av Apollofartøya medan den større Saturn V raketten framleis var under utvikling. Seinare vart Saturn IB brukt til dei bemanna Skylab-ferdene og Apollo-Soyouz-prosjektet.
Første test med astronautar om bord. Mannskap: Schirra, Eisle, Cunningham. 163 rundar rundt jorda. Siste oppskyting frå Cape Canaveral Air Force Station Launch Complex 34. Siste gongen ein nytta Saturn IB i Apollo-programmet.
Saturn IB vert nytta til å sende opp astronautane Conrad, Kerwin og Weitz til romstasjonen Skylab. 404 rundar rundt jorda. Første oppskyting frå Launch Pad 39B med eit Saturn V tårn
Skylab Redningsferd. Ikkje flydd. Kan sjåast ved Kennedy Space Center med ein modell av eit Apollo-romfartøy. Grunna korrosjonskadar vart det første trinnet og Apollo service modulen bytta ut med fabrikkerte delar i 1993/94.
Apollo-Soyuz prosjektet, Mannskap: Stafford, Slayton, Brand. 136 rundar rundt jorda. Siste oppskotne Saturn IB.
AS-211
Ubrukt. Det første trinnet er utstilt ved Alabama Welcome Center i Ardmore i Alabama, med eit S-IVB Battleship Test Stage-trinn. Det opphavlege andretrinnet er kan sjåast ved U.S. Space and Rocket Center i Huntsville, Alabama, som ein Skylab-installasjon.
AS-212
Ubrukt. Det andre trinnet vart bygd om for romstasjonen Skylab.