Enceladus

saturnmåne
(Omdirigert frå Saturnmånen Enceladus)
Denne artikkelen handlar om saturnmånen. For den mytiske kjempa, sjå Enkelados.

Enceladus er den niande inste månen til Saturn og blei oppdaga av William Herschel i 1789. Overflata er veldig lys, og nesten 100 % av solstrålane blir reflekterte. Det gjer at månen er veldig kald, berre -201° C. Enceladus er det mest reflekterande objektet i solsystemet som er funne, han er au ein av dei få månane som har atmosfære. Dette blei oppdaga av Cassini-Huygens i mars 2005. Månen er ein av tre objekt i det ytre av solsystemet som er vulkansk aktive (i lag med jupitermånen Io og neptunmånen Triton), då han har isfontener på sørpolen som stadig sender ispartiklar kilometervis ut i verdsrommet. Desse isfontenene er opphavet til Saturns E-ring.

Enceladus
Enceladus fotografert av Voyager 2
Oppdaging
Oppdaga avWilliam Herschel
Oppdagingsdato1789
Baneskildring
238 037 km[1]
Eksentrisitet0,0047[1]
1,37 dagar[1]
Banehelling0,009°[1]
Satellitt avSaturn
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
504,2 km[1]
Masse1,0794 × 1020 kg[1]
1,608 g/cm3[1]
0,113 m/s²[1]
861 km/t[1]
bunden[1]
Albedo0,99
Temperatur70 K
Atmosfære
Samansetjing etter volum(konsentrert over sørpolen) 91% vassdamp
4% nitrogen
3,2% karbondioksid
1,7% metan[2]
Isfontener på Enceladus

Undersøkingar gjorde av romsonden Cassini tyder på at Enceladus har eit verdsfemnande hav[3], og at det kan vera varmekjelder med ein temperatur på minst 90 °C på botnen av dette havet.[4]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre


  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.