Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°39′5.8032″N 6°21′15.185″E

Sauda kyrkje
kyrkje
Sauda kirke 1913 Wilse NF.WK 00889.jpg
Sauda kyrkje slik ho såg ut da ho blei fotografert av Anders Beer Wilse i 1913
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger bispedømme
Prosti Ryfylke prosti
Fellesråd Sauda
Stad Sauda
Arkitekt Hans Linstow (typeteikning)
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 26. september 1866
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol I tre frå 1866
Døypefont Frå 1952
Altartavle Jesus i Getsemane av Samuel Tveit frå 1919
Sitjeplassar 350
Diverse Orgel frå 2002
Kyrkja har galleri
Wikimedia Commons: Sauda kirke

Sauda kyrkje er ei langkyrkje frå 1866 i Sauda kommune i Rogaland fylke. Byggverket er i tømmer og har 350 sitjeplassar. Kyrkja er reist etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow.[1] Ho vart vigsla av sokneprest P. R. Hoffgaard på vegne av biskop Jacob von der Lippe 26. september 1866.[2]

Da kyrkja blei innvia hadde ho ikkje spir og inventaret var enkelt. Kyrkja fekk spir i 1921 og tilbygga ved inngangen har komme til på eit seinare tidspunkt.[2]

Dagens altartavle har motivet Jesus i Getsemane, er måla av Samuel Tveit og avduka i 1919.[3][2]Preikestolen er i tre og frå 1866, døypefonten frå 1952. Kyrkja fekk nytt orgel i 2002.

KjelderEndra

  1. Sauda kyrkje frå Kyrkjesøk/Kyrkjebyggdatabasen
  2. 2,0 2,1 2,2 Sauda kirke frå Den norske kyrkja - Sauda kirkelige fellesråd
  3. Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon side 415, Vanebo forlag 1993, ISBN 82-75-27022-7

Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sauda kirke frå Wikipedia på bokmål 10. august 2013

BakgrunnsstoffEndra