Jacob von der Lippe

Jacob von der Lippe (27. september 17972. oktober 1878) var ein norsk teolog og politikar frå Bergen. Han var biskop i Kristiansand stift 1841-74, og, med avbrot, stortingsmann frå 1830 til 1860.

Jacob von der Lippe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. september 1797
Bergen
Død

2. oktober 1878 (81 år)
Kristiansand kommune

Yrke politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Jacob von der Lippe på Commons

Lippe, som var son av ein kjøpmann i Bergen, vart student i 1815 og cand. theol. i 1819. Same året vart han residerande kapellan i Haus. Han var sokneprest 1821-25 i Skånevik, 1825-31 i Avaldsnes. Frå 1831 var han sokneprest og stiftsprost i Kristiansand. Deretter biskop i Kristiansand stift 1841-74.

Lippe var stortingsrepresentant for Stavanger amt i 1830. Han var då sekretær i matrikkelkomiteen og medlem av komiteen om gasjar, pensjonar, budsjett- og skattevesen. I 1833 representerte han Kristiansand på Stortinget, sameleis i 1836, 1836-37, 1839, 1842, 1848, 1854 og 1859-60. På stortinga 1833, 1836 og 1836-37 var han både president og visepresident i Lagtinget, i 1839, 1842, 1848 og 1859-60 var han president i Lagtinget. Han var i 1836 medlem av riksretten. 1836 og 1836-37 var han sekretær i valkomiteen og i fullmaktskomiteen. 1836-37 formann i gasjekomiteen, 1839 formann i kyrkjekomiteen og sekretær i fullmaktskomiteen. Kyrkjekomiteen måtte då ta stilling til eit forslag om å oppheve konventikkelplakaten. Lippe leia eit konservativ mindretal som tala for å behalde plakaten, men i revidert form. Kongen nekta å sanksjonere eit fleirtalsvedtak, så konventikkelplaktaen vart ståande, inntil vidare. I 1842 var Lippe formann i komiteen om sivile og militære embetsgardar, og i 1848 formann i reglementskomiteen. Både i 1848 og 1854 var han formann i kyrkjekomite nr 1, i 1859-60 formann i kyrkjekomiteen. I 1860 var han med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm.

Lippe var medlem av fleire offentlege kommisjonar, mellom dei var ein kongeleg kommisjon 1839 om utviding av kyrkjer og kyrkjegardar.

Han døydde i Kristiansand i 1878.

Kjelder endre