Saussurebreen
Saussurebreen er ein isbre som flyt nordaust frå Tyndall Mountains på Arrowsmith Peninsula, ut i Lallemandfjorden ved Loubet Coast. Han vart fotografert frå lufta av Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition (FIDASE) i 1957 og namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i samband med namn på glasiologar i området etter Horace Benedict de Saussure (1740–99), ein sveitsisk naturalist og fysikar, som i 1787 var den første til å innsjå at flyttblokker hadde blitt flytta over store avstandar av isen.
Saussurebreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 67°11′S 67°0′W / 67.183°S 67.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Saussurebreen 67°11′00″S 67°00′00″W / 67.1833°S 67°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Saussure Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).