Den andre punarkrigen


Den andre punarkrigen vart utkjempa mellom Kartago og Roma frå 218 til 202 f.Kr. Det var den andre av tre viktige krigar mellom den tidlegare fønikiske kolonien Kartago og Den romerske republikken som då framleis var avgrensa til Den italienske halvøya. Konfliktane vart kalla «punarkrigane» fordi romarane sitt namn for kartagarane var Punici (eldre Poenici) på grunn av deira fønikiske opphav.

Den andre punarkrigen
Del av Punarkrigane

Grensene til Dei romerske og kartagiske republikkane i 218 f.Kr., like før krigen.
Dato 218 til 201 f.Kr.
Stad Italia, Sicilia, Hispania, Gallia Cisalpina, Gallia Narbonensis, Afrika, Hellas
Resultat Avgjerande romersk siger. Romarane stadfestar posisjonen sin som stormakt vest i Middelhavet.
Endringar i landområde Romarane erobrar Barcid Iberia og Dei puniske øyane, Det puniske Afrika vert ein vasallstat under Den romerske republikken og Numidia vert ein sjølvstendig romersk alliert.
Partar
Den romerske republikken Kartago
Kommandantar
Publius Cornelius Scipio†,
Tiberius Sempronius Longus
Publius Cornelius Scipio Africanus,
Gaius Flaminius†,
Fabius Maximus,
Claudius Marcellus†,
Lucius Aemilius Paullus†,
Gaius Terentius Varro,
Marcus Livius Salinator,
Gaius Claudius Nero,
Gnaeus Cornelius Scipio Calvus†,
Masinissa,
Minucius†,
Servilius Geminus
Hannibal Barca,
Hasdrubal Barca†,
Mago Barca†,
Hasdrubal Gisco†,
Syphax,
Hanno the Elder†,
Hasdrubal

Bakgrunn endre

Etter at Kartago mista områda sine på Sicilia til Roma i den første punarkrigen, prøvde Kartago å kompensere tapa ved å utvide territoriet sitt i Hispania. Denne politikken vart innleia av Hamilcar Barca, fortsatt av svigersonen hans Hasdrubal og så av son hans Hannibal, som tyder «den som er elska av Baal».

Hannibal brukte ei orsaking 219 f.Kr. for å gå til åtak på landsbyen Saguntum som var verna av Roma. Ifølgje romerske tradisjonar, hadde Hannibal sverga hat mot Roma, og han tok i vert fall ikkje ei forsonande haldning då romarane irettesette han for å ha kryssa elva Iberus, som Kartago gjennom fredsavtalen skulle halde seg sør for. Sanninga for meir nøytrale historikarar, derimot, er at Hannibal svor på alteret til Ba'al «aldri å vere ven av Roma», ifølgje den meir objektive Polybios. Hannibal kryssa ikkje Iberus-elva med våpen, Saguntum nær dagens Valencia låg sør for elva, og saguntinarane provoserte fram åtaket ved å gå til åtak på deira nabostammer som vart verna av Kartago og ved å massakrere propuniske fraksjonar i sin egen by. Roma hadde ikkje noko lovleg vernepakt med stammer sør for Iberus. Då det kartagiske senatet vart bede om å overgje Hannibal, nekta senatet og Roma erklærte krig mot Kartago.

Krigen i Italia endre

 
Hannibal si invasjonsrute.

Hannibal venta at ein armé leia av ein konsul ville gå langs kysten mot Hispania og tok derfor en samansett armé på 40 000 nordafrikanarar og iberarar over det sørlege Frankrike via ei rute inne i landet og kryssa Alpane i løpet av vinteren. Invasjon hans av Italia kom overraskande på romarane da han ikkje hadde konstruert ein flåte, og det var trudd at hæren hans ikkje kunne klare å kome seg over fjella. Hæren hans leid derimot store tap, inkludert alle bortsett frå tre av dei 37 krigselefantane hans. Men den våren kom han inn i det nordlege Italia, då kjend som Gallia Cisalpina, «Gallia på denne sida av Alpane», med eim framleis stor styrke på 26 000 mann. Romarane prøvde å gå til åtak på han medan han framleis ikkje var klar, men han sigra over dei ved elva Ticinus i ein trefning der konsulen Publius Cornelius Scipio vart alvorleg såra og igjen i slaget ved Trebia der meir enn ein tredjedel av dei romerske styrkane vart drepne. Romarane trekte seg så tilbake og forlet Hannibal med kontrollen i Nord-Italia. Støtta hans frå nokre få av dei galliske stammene og italiske byane var så stor som han håpa på, og mange romerske landeigarar brann eigedomane sine for å hindre at Hannibal sin hær skulle plyndre dei. Trass i denne motstanden klarte Hannibal å styrke hæren sin til ein styrke på 50 000 mann.

Året etter valde romarane Gaius Flaminius til konsul i håp om at han kunne sigre over Hannibal. Flaminius sette opp eit bakhald ved Arretium. Men Hannibal vart åtvara om åtaket og gjekk utanom den romerske arméen, noko som gjorde at han kunne marsjere fritt mot Roma. Flaminius måtte følgje etter han, men dei romerske styrkane vart tatt i eit bakhaldsåtak og knust i slaget ved Trasimene. Hannibal, trass i at generalane hans sterkt råda han til det, heldt ikkje fram for å omleire Roma, da han mista omleiringsmaskinane på ferda over Alpane og ikkje hadde støtte sentralt i Italia. I staden heldt han fram sørover i håp om å sette i gang eit opprør hos den greske folkesetnaden der.

Samstundes vart veteranen Fabius Maximus utnemnd til diktator, og han avgjorde at det ville vere best å unngå fleire feltslag. I staden prøvde Fabius å kutte Hannibal sine forsyningslinjer ved å legge landbruksområde aude og plage arméen. Slike operajonar vart no kalla fabianstrategi etter han, og gav han kallenamnet Cunctator (forsinkar). Fabius sin taktikk var svært upopulær i Roma og det følgjande året vart han erstatta av to konsular som lova å gjere slutt på krigen raskt.

 
Slaga i den andre punarkrigen.

Desse konsulane sette saman den største romerske arméen nokon gong og møtte Hannibal ved Cannae i 216 f.Kr. Romarane var talmessig overlegne og hadde 70 000 mann (andre kjelder seier mellom 80 og 100 000 mann). Hannibal lét dei sentrale styrkane trekke seg tilbake og brukte sitt overlegne kavaleri til å gå på utsida av dei romerske flankane. Han klarte på denne måten å omringe styrkane deira og eliminerte dei fullstendig. Berre 16 000 romarar overlevde. Dette talet er òg noko tvilsamt. Roma erklærte ein nasjonal sørgjedag, ifølgje forteljingane, sidan det ikkje var ein einaste person i Roma som ikkje var i slekt med eller kjende ein person som døydde. Romarane vart så desperate at dei sette i gang med menneskeofring, den siste nedteikna menneskeofringa som romarane utførte, ved å drepe nokre slavar og gravlegge dei i forumet.

Slaget ved Cannae førte til noko av den støtta Hannibal håpa på. I løpet av dei neste tre åra gjekk Capua, Syrakus og Tarentum over på hans side. Filip V av Makedonia allierte seg òg med Hannibal i 217 f.Kr. og starta den første makedonske krigen mot Roma. Filip sin flåte klarte derimot ikkje å stå seg mot Roma sin, så han var ikkje istand til å gje noko direkte hjelp i Italia.

Men Roma hadde byrja å forstå visdomen i Fabius sin uthalingstaktikk. Fabius Maximus vart gjenvald som konsul i 215 f.Kr. og igjen året etter. Roma brukte taktikken til Fabian i resten av krigen i Italia og delte hæren sin i små styrkar ved livsviktige stader og unngjekk kartagarane sine forsøk på å trekke dei inn i feltslag.

Krigen i Hispania endre

Medan alt dette skjedde hadde romarane drive krigen til Hispania. I løpet av åra hadde Roma gradvis ekspandert langs kysten inntil dei i 211 f.Kr. erobra Saguntum. Dette hindra Hasdrubal frå å sende bror sin hjelp og førte òg kartagiske forsterkningar bort frå Italia. Same år tok Roma tilbake Capua og Syrakus. Syrakus fall etter ei to år lang omleiring som vart vidkjend for forsvarsmaskinane til Arkimedes som vart drepen da byen vart plyndra. Hasdrubal klarte å sigre over romarane i slaget ved Øvre Baetis og dei to romerske kommandantane, brørne Publius og Gnaeus Scipio, vart drepen. Trass i dette var ikkje Hasdrubal i stand til å kaste ut den romerske arméen etter sine andre tap.

Året etter sende romarane sonen til Publius Scipio med same namn, Publius Cornelius Scipio, med autoritet som konsul sjølv om han ikkje hadde embetet. Han svor på å hemne faren og onkelen, og gjekk direkte mot det som var den reelle hovudstaden i punarane sitt Hispania, Kartago Nova som fall i 209 f.Kr. Hasdrubal vart driven ut av basen sin og bestemte seg for å fokusere forsøka sine på den italiske halvøya. Han etterlèt Hispania med nokre relativt svake garnisonar og gjekk ut for å gjenta bror sin si ferd over Alpane. Denne gongen venta romarane med to legionar på at den kartagiske arméen skulle kome ned frå Alpene. Hasdrubal tapte og var drepen i slaget ved Metaurus (207 f.Kr.). Dei første nyhenda Hannibal fekk om at bror hans hadde forlate Hispania, var då Hasdrubal sitt hovud vart kasta inn i leiren hans av ein romersk ryttar.

Dei kartagiske styrkane som vart igjen i Hispania tapte nokre få år seinare ved Ilipa (206 f.Kr.) og Hispania vart ein romersk provins. På den tida hadde Roma tatt tilbake Tarentum og på grunn av kontinuerleg utmatting og mangel på støtte, hadde Hannibal sin armé vorte avgrensa til den sørlegaste delen av Italia. Makedonia hadde òg trekt tilbake støtta då dei følte at det berre var snakk om tid før det kartagiske nederlaget var klart.

Åtaket på Kartago endre

Scipio drog tilbake til Roma som ein stor helt, og sjølv om han teknisk sett ikkje kunne velgast, vart han vald til konsul i 205 f.Kr.. Han ville få slutt på krigen ved å gå til åtak på Kartago, og bad om støtte frå Centuriate-forsamlinga då senatet motsette seg dette. Dermed vart han gjeve kommandoen over dei to legionene på Sicilia, i tillegg til 7000 frivillige han rekruterte, og det neste året bringa han krigen til Nord-Afrika då han gjekk i land ved Utica, rundt 30 km frå Kartago. Her møtte han støtte frå numidarar som mislikte kartagisk kontroll og derfor gjekk med på å gje han kavaleri.

Hannibal vart kalla tilbake frå Italia og måtte etterlate seg dei spanske og galliske kontingentane som utgjorde opp mot to tredjedelar av arméen hans. Etter at han tapte Capua hadde han byrja å miste påverknad, men han var framleis i stand til å bryte fredsforhandlingane. Scipio møtte han ved Zama. Det er sagt at dei to mennene møtte kvarandre andlet til andlet før slaget. Hannibal minna Scipio om lagnaden si rolle i krigen og kor mild Hannibal var mot Roma då byen var i ferd med å øydeleggjast. Scipio svarte at sjansen spelte ei rolle i kvar avgjersle kvar dag og ville ikkje gje fred utan slag. I den påfølgjande konflikten var infanteria jamsterke, og ingen av sidene var i stand til å utmanøvrere kvarandre. Det numidiske kavaleriet jaga dei kartagiske ryttarane vekk frå slaget. Det er mogeleg at Hannibal ønska at dette skulle skje for å utkjempe eit reint infanterislag. Men numidarane forsvann ikkje heilt og klarte å gå til åtak på Hannibal sitt infanteri bakfrå. For denne sigeren vart Scipio kjend som Scipio Africanus. Kartago bad umiddelbart om fred.

Etterspel endre

Hispania var tapt for Kartago for godt, og ho vart redusert til ein klientstat. Ei krigserstatning på 10 000 talentar vart sett på henne, marinen vart avgrensa til 10 skip for å jage bort piratar og ho fekk forbod mot å reise ein armé utan godkjenning frå Roma. Numidia nytta sjansen til å erobre og plyndre kartagisk territorium. Eit halvt hundreår seinare, då Kartago reiste ein armé for å verne seg mot dette, vart han øydelagd av Roma i den tredje punarkrigen. Roma tok gjennom denne sigeren eit nøkkelsteg mot dominansen av det vestlege Eurasia.

Hannibal overlevde slaget om Zama og heldt fram å nyte ei leiarrolle i Kartago sjølv etter at krigen tok slutt. I 195 f.Kr., etter at han vart tiltalt av romarane for å ha planlagt eit åtak med hjelp av selvkide-kongen Antiokos III, flykta han til Antiokos sitt hoff i Syria. Då Scipio vart send for å møte Antiokos i Efesos, snakka han med Hannibal og bad han namngje den største generalen gjennom alle tider. Hannibal sa «Aleksander den store». Scipio spurte så om kven som var den nest største. «Pyrrhos av Epirus,» svarte Hannibal. Kanskje fornærma for at han enno ikkje hadde nemnd Scipio, pressa Scipio vidare og bad Hannibal nemne den tredje største. Hannibal svarte «meg sjølv». Scipio spurte så kva som ville ha skjedd dersom Hannibal hadde slått han i slaget ved Zama. Hannibal sa at «då ville eg vore den største general nokon gong».

Roma frykta Hannibal til den dagen han døydde, og til og med lenge etter det. Mødrer ville seie til borna sine «Hannibal ad portas», som tyder «Hannibal ved Roma sine portar», for å skremme dei til å vere snille. Men saman med Filip av Makedonia sitt åtak på Italia, bidrog Hannibal sin tilvære i austen romersk mistru mot dei hellenistiske kongedøma.

Liste over slag endre

Kjelder endre