Savuhavet er eit randhav til Indiahavet. Det er omkransa av øyar som høyrer til dei mindre Sundaøyane.

Kartplasseringa av Savuhavet i Indonesia

Savuhavet ligg mellom øyane Flores i nord, Timor i aust, Savu i sør og Sumba i vest. I vesten og sør går Savuhavet over i Indiahavet, i nord i Floreshavet og i aust i Bandahavet.

Savuhavet er ned til 3 500 meter djupt. Frå vesten mot aust er det om lag 600 kilometer vidt, frå norden mot sør om lag 200 kilometer. Størst byen ved Savuhavet er Kupang, vest på øya Timor, med ca. 450 000 innbyggarar.

Kjelder endre