Opna hovudmenyen
Sumba
Lokalt namn: Pulau Sumba
Topografisk kart over Sumba.
Topografisk kart over Sumba.
Geografi


Stad Sørøst-Asia

Øygruppe Dei små Sundaøyane

Areal 11 150[1] km²
Lengd 220 km
Breidd 60 km

Høgaste punkt Palindi Wanggameti (1 225 moh. moh.)

Administrasjon
Land Indonesia
Demografi
Folketal 685 186

Sumba er ei øy i Indonesia, ei av dei små Sundaøyane. Ho har eit flatemål på 11 153 km², og folketalet var 611 422 i 2005. Sumba høyrer til provinsen Aust-Nusa Tenggara. Største byen på øya er Waingapu, med eit folketal kring 10 700.

Sumba si plassering i Indonesia

GeografiEndra

Nordvest for Sumba ligg øya Sumbawa, i nordaust, på andre sida av Sumbasundet (Selat Sumba), ligg Flores. I aust, på hi sida Savuhavet, ligg Timor. Sør for øya breier Indiahavet seg. Øya er om lag 150 km lang i retning aust-vest, og opp til 40 km brei. Ei fjellrekke strekker seg på langs av øya, og deler i ho to klimatiske soner. På sørsida av fjella fell det opp mot 1600 mm regn årleg, medan det på nordsida kjem mindre enn 600 mm. Ei turketid varer frå mai til november, regntida frå desember til april.

Sumba høyrer til økosona Wallacea, med ei blanding av dyr og plantar av asiatisk og australasiatisk opphav. Det meste av øya var opphavleg dekt av lauvfellande monsunskog, medan sørlegvende hellingar, som er fuktige under turketida, var eviggrøn regnskog.[2] Mykje av det opphavleg skogdekket er blitt rydda for å dyrka mais, kassava og andre avlingar, slik at berre små og isolerte skogområde eratt. Folkevekt på øya gjer at ryddinga har fortsett, noko som utgjer eit trugsmål for det opphavlege dyrelivet.[3]

DyrelivEndra

Øya er rik på fuglar, med nær 200 ulike artar, sju av dei endemiske og andre berre til stades her og på nokre nabøyar. Dei endemiske fuglane omfattar fire sårbare artar - uglearten Sumba-boobook, sumbaspringhøne, sumbafruktdue og sumbanashornfugl — og tre meir utbreidde artar: Sumbagrøndue, hartertflugsnappare og sumbasolfugl.[2] Det finst saltvasskrokodillar i nokre område.

ØkonomiEndra

Øya har i historisk tid eksportert sandeltre og dei tidlege europearane kalla ho Sandeltreøya. I dag spelar sandeltrehandelen inga rolle lenger.

I sørvest fell det godt med regn og jorda eignar seg godt til dyrking av ris. Cashewnøtter er her ei viktig salsvare. I det særs turre nordaust dyrkar ein mais og jordnøtter, først og fremst til eige hushald, elles verta jorda nytta til beitemarker for avl av oksar og hestar som går til innanrikshandel.

Jamn avbrenning av det øvste jordlaget har øydelagd vegetasjonen i vide delar av Sumba. Mykje av jorda har erodert, og eit savanneliknande landskap har kome i staden. Berre flekkar med matjord er att, ofte vert ho arbeidd med hakke. Sumbas skogar dekker i dag mindre enn 10% av øyas totale flatemål.

 
Skulderklede til ein mann. Ikatvev frå tidleg 1900-tal

Historie. SamfunnEndra

Sumbanesarane snakkar ei rekke variantar av nærslekta austronesiske språk. Folket har ei blanding av malayisk og melanesisk opphav.

Før kolonitida var Sumba busett av fleire små etnolingvistiske grupper. Desse var inndelt i små hovdingdømme, som truleg betalte skatt til herskaren over kongedømmet Majapahit. Det første europeiske skipet kom i 1522.

I 1866 høyrde Sumba til Nederlandsk Ostindia, sjølv om øya reelt sett ikkje kom under nederlandsk styre før enn i det 20. hundreåret. Etter 2. verdskrigen kom øya med i Indonesia. På grunn av oppsplittinga i ulike hovdingrike og i klanar, har det også i seinare år (sist i 1990) stadig vore krigerske oppgjer mellom ulike grupper som måtte skiljast. Siste åra har det vore innskrenka til oppgjer med kvegtjuvar.

Samfunnet er oppdelt i sosiale sjikt (kastar), i nærast føydalske strukturar.[4] Dette er særleg tilhøvet på Aust-Sumba, medan Vest-Sumba har større etnisk og språkleg variasjon.[5]

Fedrekultus har stor plass hos sumbanesarane. Rituell slakting av okse til høgtider, gravferder og andre kulturelle høve har ein framskoten plass i livsførsla. Kvar februar finn pasolafesten stad, ein av dei mest kjende tradisjonelle festar i Indonesia.

 
Tradisjonelle hus på Sumba

Frå gammalt spelar framstillinga av vove stoff gjennom vevteknikken ikat ei stor rolle. Ikatvevnader er kjende mellom fagfolk verda rundt. Farging og veving av stoffet er arbeidsintensivt, og det kan ta fleire månader å laga eit stykke.[6]

Den spesielle arkitekturen i dei eldre og klandelte samfunna er lett å sjå.

Helsetilhøva på øya er prega av at ein større del av folket vert ramma av malaria. Talet på barn som døyr er høgt.

ReligionEndra

Gjennom statsstøtta misjonering i første halvpart av 20. hundreåret, så vert i dag om lag 65 % rekna for kristne. Brorparten av desse er nederlandske kalvinistar, men ein større minoritet soknar til den romersk-katolske kyrkja. 25-30 prosent av innbyggarane praktiserer animistreligionen marapu. Eit fåtal sunnimuslimar finst her og der i kystområda, tettast i Waingapu og i Waikabubak.

Leveviset til folk på Sumba er prega av tradisjonelle ritar. Trass i påverknad frå vestlege religionar er Sumba ein av få stader i verda der framståande personar framleis vert gravlagd i steinkammer bygd på bakkenivå.

KjelderEndra

  1. Sumba Encyclopedia.com
  2. 2,0 2,1 Wikramanayake, Eric D. (2002). Terrestrial Ecoregions of the Indo-Pacific: A Conservation Assessment. Island Press. s. 532. ISBN 978-1-55963-923-1. Henta 2 February 2013. 
  3. «Sumba deciduous forests». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund. 
  4. Forshee, Jill (2006). Culture and Customs of Indonesia. Greenwood Publishing Group. s. 41. ISBN 978-0-313-33339-2. Henta 2. februar 2013. 
  5. Müller, Kal (1997). East of Bali: From Lombok to Timor. Tuttle Publishing. s. 170. ISBN 978-962-593-178-4. Henta 2. februar 2013. 
  6. Trisha Sertori, 'Sumba on show in Bali', The Jakarta Post, 30 August 2012.