Saxe Bjørkedal

båtbyggar

Saxe Bjørkedal (24. november 19261. januar 2022) var ein viktig norsk tradisjonsberar for trebåtar og båtbygging.

Saxe Bjørkedal
Saxe bjørkedal.jpg
Saxe Bjørkedal i trebåtmiljøet ved Sunnmøre Museum
Fødd 24. november 1926
Død

1. januar 2022 (95 år)

Yrke båtbyggar

Han vart fødd i Bjørkedalen i Volda kommune, og lærte båtbygging i tradisjonen der. Han dreiv aktivt granskingsarbeid på gamle trebåtar og rekonstruert fleire.

Dei viktigaste rekonstruksjonsarbeida:

  • Bygde oppatt eit fjørefar av gamal båtmaterial som vart funne på sjøbud i Nupen, Hallebygda, Sande. Noko nytt material vart sett inn.
  • Bygde oppatt sunnmørottring av gamal båtmaterial som vart funnen på naustvegg på Viddal, Ørsta. Ferdig 1991. Noko ny material vart sett inn
  • Rekonstruerte og laga modell av sunnmørsjekt (som vart bygd i full storleik i 2000, Anna Olava) ut frå sjøbudmaterialar funne på Håkonsholmen, Ulstein

I 2002 fekk Saxe Bjørkedal Kongens Fortenestemedalje i gull for det store og viktige arbeidet han hadde gjort for norsk kystkultur. Han bygde mange båtmodellar. Nokre av dei er brukte til kyrkjeskip. Likeeins bygga han feler, og var spelemann.

Han var bror til Sigurd Bjørkedal.

Saxe Bjørkedal var busett i Flora kommune

BakgrunnsstoffEndra