Myklebustskipet er eit gravfunn frå garden Myklebust på Norfjordeid i Stad kommune i Vestland. Funnet vart gjort i Rundehogjen, den største av fem gravhaugar på garden. Det vart undersøkt av Anders Lorange i 1874.

Myklebustskipet vert sjøsett på Nordfjordeid

Skipet hadde vorte brent i grava. Det vart ikkje funne trerestar, men ei mengd båtsaum. Plasseringa av saumane i grava viste omrisset av skipet, og brannrestane viste at skipet hadde vore minst 25 meter langt.

Utanom båtrestane vart det midt i grava funne 58 skjoldbular, og ei kopargryte som inneheld oske og beinrestar av ein mannsperson. Bronsekaret er av irsk opphav, og pryda med tre emaljerte mannsfigurar. Skipet har vorte bygd seint på 800- eller tidleg på 900-talet.

Rekonstruksjon endre

Ein tilnærma kopi av skipet vart bygd på Nordfjordeid i 2016-2019. Arbeidet vart utført av båtbyggjarar frå Bjørkedalen, med erfaring frå tidlegare vikingskipskopiar. Rekonstruksjon og teikningar vart utført av Saxe Bjørkedal. Materialen til skipet, som er bygd i fure, vart henta i Bjørkedalen. Det vart felt over 400 furetre for å skaffe byggetilfang. Ikkje alle desse furutrea var gode nok til å nyttast.

Treskjerar Rolf Taraldset frå Hornindal har skore drakehovudet og halen.

Mål på det rekonstruerte skipet endre

  • Full lengd: 30 meter
  • Breidde : 6 meter
  • Høgd i stamnen: ca 7 meter
  • Tal på båtsaum: med ro ca 7000
  • Tal på trenaglar: ca 700
  • Berekna vekt: ca 16 tonn

Skipet er utstilt på kunnskapssenteret Sagastad på Nordfjordeid.

Bilete frå Sagastad endre

Kjelder endre

  • Jørn Olav Løset. «Skipstyper i vikingtiden». Henta 22. juni 2023. 
  • Frode Sætre, red. (2019). «Mykjlebustskipet». Eventyrlege vikingskip. Bygde på Bjørkedalen. Segla av Ragnar Thorseth. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 164-179. ISBN 978-82-692932-0-3.