Scaife Mountains
Scaife Mountains er ei gruppe fjell vest for Prehn Peninsula mellom Ketchum- og Uedabreen i Palmer Land inst på Den antarktiske halvøya.[1]
Scaife Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | |||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Scaife Mountains | |||
Fjellkjeda oppdaga av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) under Finn Rønne, 1947-48, som namngav desse fjella etter Alan M. Scaife frå Pittsburgh som støtta ekspedisjonen.[1]
Fjell endre
- Mount Brundage er eit fjell som ligg 22 km vest-sørvest for Mount Terwileger i sørlege delen av Scaife Mountains. Det vart oppdaga av RARE somkalla det opp etter Burr Brundage i USA Department of State. Brundage assisterte i førebuinga av ekspedisjonen.[2]
- Mount Terwileger er eit fjell på nordsida av Uedabreen, heilt søraust i Scaife Mountains. Det vart kartlagd av U.S. Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1961-67. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Stephen E. Terwileger, som var sjukepassar på Amundsen-Scott-stasjonen i 1967.[3]
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Scaife Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Scaife Mountains». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 25. februar 2013.
- ↑ «Mount Brundage». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 25. februar 2013.
- ↑ «Mount Terwileger». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 11. januar 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Scaife Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).