Schøtstue er ein bygningstype som vart nytta på Bryggen i Bergen. Omgrepet schøtstue er truleg ein hanseatisk tysk-begensk versjon av det som på norrønt vart kalla skytningsstofa – ein stad der det vart halde samanskotsgilde, altså spleisegilde[1]. Schøtstuene var forsamlingshus eller forsamlingsrom som var i bruk frå mellomalderen, kan hende frå byrjinga av 1200-talet, og i heile tida for det hanseatiske kontoret på Bryggen i Bergen, som strekte seg frå om lag 1350 til byrjinga av 1700-talet.

Schøtstuene, slik dei no står attom Bryggen, attmed Øvregate og Mariakyrkja.
Interiøret i Jacobsfjorden og Bellgårdens felles schøtstue. Her er det open takstol med ljosgluggar øvst, og langsetter veggane står bord og benkar.

Kvar av dei såkalla gardane på Bryggen, lager- og bustadshusa som låg som fleire einskildeigedomar, «handelsstuer», i rekkjer etter kvarandre som hus i ei gate frå kaia og innover langsetter ein passasje, hadde sine eigne namn, til dømes Jacobsfjorden, Bellgården, Bugården, Enhjørningsgården og andre. Sjefene for handelsstuene (i hansatida dei tyske handelsforvaltarane) har halde ei felles schøtstue for kvar gard, der folket som høyrde til i garden åt sine varme måltid og elles samla seg på fritida. På grunn av brannfaren var det ikkje eldstader i gardane, og all mat vart laga i eigne eldhus i branntrygge steinhus som vert kalla steinkjellarar, som låg attom sjølve Bryggen, opp mot dagens Øvregate, og i nært samband med schøtstuen. Schøtstuene var vanlegvis lafta hus i to høgder, der det var bod i underhøgda. Då schøtstuene kunne varmast opp om vinteren, var dei høvelege både som fest-, møte- og rettslokale.

Dramshusens schøtstue frå 1703–04 vart lagra på Bergens Museum frå 1880-åra, og i 1917 ble Bredsgårdens schøtstue frå 1702 gjeve til Bergen kommune. I 1937-38 vart desse schøtstuene, og dessutan ein kopi av Svensgårdens schøtstue frå 1708 og rekonstruksjonar av Jakobsfjorden og Bellgårdens felles schøtstue etter korleis ho var bygd før bybrannen 1702, reist i åra 1935–38 på dei noverande plassane attom Bryggen, i nærleiken av Mariakyrkja og Øvregaten. Her vart schøtstuene bygd på mellom anna murane av ein mellomalderruin som vart utgrave og granska av Christian Koren-Wiberg i 1937-38, og som synte seg å vere eit rektangulært rom med om lag 1,5 meter høge murar. Bygningen har i si tid lege innanfor kyrkjegardsmuren for Peterskyrkja som låg i området, og kan ha vore ein del av ein prestebustad eller liknande.

Schøtstuene inngår no i Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene. Drifta av Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene låg hjå Bergen kommune fram til 2005, då museumsdrifta vart lagt under stiftinga Museum Vest. Bygningane og samlingane er framleis eigd av Bergen kommune.

Fotnotar endre

  1. «Skytningr, samanskotslag, eit slags gilde; vertshus; skytningsstofa, vertshus, skjenkestove, skytningsstove». Norrøn ordbok, Oslo 2012, ISBN 978-82-521-7150-1

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Helle, K. m.fl.; Bryggen: hanseatenes kontor i Bergen i Det Hanseatiske museums skrifter; 23 Bergen 1981