Schiedam
Schiedam er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zuid-Holland med om lag 75 000 innbyggjarar. Han er ein del av storbyområdet til Rotterdam. Han er kjend for sjenever (gin) som vert laga her og det historiske senteret med kanalane og dei høgaste vindmøllene i verda. Byen ligg ved elva Nieuwe Maas mellom Rotterdam i aust og Vlaardingen i vest.
Schiedam | |||||
---|---|---|---|---|---|
Det gamle rådhuset i Sciedam | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
Nederland Zuid-Holland | ||||
Borgarmeister | Cor Lamers | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
19,89 km² 18,13 km² 1,76 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
74 960 4 135/km² | ||||
Koordinatar | 51°55′N 4°24′E / 51.917°N 4.400°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.schiedam.nl |
Historie
endreRundt år 1250 vart elva Schie demd opp for å verne polderlandet frå sjøen. Dette førte til handelsaktivitet på staden sidan varer til og frå områda rundt vart lasta om her. I 1275 fekk Schiedam byrettar av Aleida van Avesnes, systera til Vilhelm II, greve av Holland.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Schiedam
- Offisiell side
- Detaljert kart Arkivert 2006-04-23 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Schiedam» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2008.